Hopp til hovedinnhold

Grunnet nettverksarbeid kan det oppstå noe nedetid og ustabilitet lørdag 14. november kl 10:00-18:00 på varsom.no. 

4A Observatørkurs for eksterne

Det er ikkje bestemt om det vert arrangert slikt kurs vinteren 2027

Her vil du lære om korleis du skal gjere gode vurderingar av snødekket og korleis du kan dele desse vurderingane med andre. Kurset høver for alle som har snø og skredvurderingar som ein del av arbeidet sitt. Dette kan til dømes vere konsulentar,  guidar, lærarar, kursinstruktørar og andre som er over gjennomsnittet interessert i snø. 

Hovudemne som vert gjennomgått er:

  • Snøprofil og stabilitetstestar
  • Systematisk snødekkeundersøking
  • Val av gode områder for snøobservasjonar
  • Snøskredvarslinga i Norge – oppbygging og arbeidsmåtar
  • Bruk av Regobs til innrapportering av observasjonar
  • Skredfareskalaen – betydning av denne
  • Vær og værkjennskap

For å vere med på kurset må du ha god og grunnleggande kjennskap til dei forskjellege omvandlingsprosessane som skjer i snødekket og kunne teikne og forstå eit snøprofilskjema. Det vil sei at du også må kunne gjenkjenne dei vanlegaste snøkrystallane og vite koreleis dei vert danna. Du må vere i normalt god form og kunne ferdast trygt på ski i terreng opp til 30 grader bratt. Kurset inneheld både teoritske og praktiske økter, men er mest praktisk retta og deltakarar må vere vant med å ferdast ute på ski i varierande vær og føre.

Dato: Kurs for vinteren 2027 er ikkje sett opp enno (kursstart kl 0800 tysdag, avsluttning innan kl 1400 torsdag)

Stad: ikkje bestemt

Pris: 10500 per pers.   Overnatting, mat og reise kjem i tillegg. Sjå kursprogram for meir info. 

Deltakarane forplikar seg til å oppfylle krav om forkunnskap og gjere førebuande arbeid som beskrive i kursprogram før kurs. 

Kapasitet 12 deltakarar. 

Meld interesse for kurset her (uforpliktande)

Påmelding her: lenke kjem viss kurs vert sett opp

Overnatting og mat.

Deltakarane ordnar sjølv bestilling av overnatting og mat.

Praktiske og faglege spørsmål til Jostein Aasen - jaas@nve.no.