4A Observatørkurs for eksterne
Datoar for kurs vinteren 2026 er 3.- 5. februar. Kurset vert arrangert på Filefjell (Tyinkrysset)
Her vil du lære om korleis du skal gjere gode vurderingar av snødekket og korleis du kan dele desse vurderingane med andre. Kurset høver for alle som har snø og skredvurderingar som ein del av arbeidet sitt. Dette kan til dømes vere konsulentar, guidar, lærarar, kursinstruktørar og andre som er over gjennomsnittet interessert i snø.
Hovudemne som vert gjennomgått er:
- Snøprofil og stabilitetstestar
- Systematisk snødekkeundersøking
- Val av gode områder for snøobservasjonar
- Snøskredvarslinga i Norge – oppbygging og arbeidsmåtar
- Bruk av Regobs til innrapportering av observasjonar
- Skredfareskalaen – betydning av denne
- Vær og værkjennskap
For å vere med på kurset må du ha god og grunnleggande kjennskap til dei forskjellege omvandlingsprosessane som skjer i snødekket og kunne teikne og forstå eit snøprofilskjema. Det vil sei at du også må kunne gjenkjenne dei vanlegaste snøkrystallane og vite koreleis dei vert danna. Du må vere i normalt god form og kunne ferdast trygt på ski i terreng opp til 30 grader bratt. Kurset inneheld både teoritske og praktiske økter, men er mest praktisk retta og deltakarar må vere vant med å ferdast ute på ski i varierande vær og føre.
Dato: 3. - 5. februar 2026. (kurstart kl 0800 tysdag, avsluttning innan kl 1400 torsdag)
Stad: Filefjellstuene
Pris: 10500 per pers. Overnatting, mat og reise kjem i tillegg. Sjå kursprogram for meir info.
Deltakarane forplikar seg til å oppfylle krav om forkunnskap og gjere førebuande arbeid som beskrive i kursprogram før kurs.
Kapasitet 12 deltakarar.
Påmelding her: https://events.provisoevent.no/norgesvassdrags-ogenergidirektorat/events/4a-observatoerkurs-for-eksterne-2026/register
Overnatting og mat.
Deltakarane ordnar sjølv bestilling av overnatting og mat. Det finst mange alternativ i området. Men det enklaste er å bu på Filefjellstuene der kurset vert arrangert. Dei har både leiligheitar og hytter der ein kan ordne seg mat sjølv og dei har nye hotellrom.
- Enkeltrom: Fra kr 1590 per person/natt, eller kr 2190 inkludert alle måltider fra tirsdag til torsdag.
- Dobbeltrom: Fra kr 895 per person/natt, eller kr 1610 inkludert måltider.
Kursrabatten får du kun ved bestilling her:
www.filefjellstuene.no/booking
Kampanjekode: NVEKURS2026
Praktiske og faglege spørsmål til Jostein Aasen - jaas@nve.no. Spørsmål om overanatting og kost til Filefjellstuene.