Hopp til hovedinnhold

Korleis lese ein snøprofil

Ein snøprofil viser oppbygginga til snøen. Du kan sjå kva snøkrystallar som er i snøen, og kor harde og tjukke dei forskjellege laga er.  Ein del profilar viser også om dei forskjellege laga er tørre eller fuktige og kor store krystallane er. 

Breidda  på dei blå rektangla viser kor hardt laget er. Høgda på rektangel viser tjukkelsen på laget.  Som ein tommelfinger regel kan ein sei at det er ugunstig viss det ligg eit hardt  (breitt rektangel) lag oppå eit mjukt (eit smalt). 

Symbola inne i rektangelet viser kva snøkrystall som er i det aktulle laget. Oversikt over dei mest brukte snøkrystallane finn du nedanfor

Tal med brun skrift viser storleik på snøkrystallane i millimeter. Som regel er det ein samaheng mellom store krystallar (over 1mm) og mjuke lag. 

Bokstavar i blå skrift viser fuktigheit i laget. D= tørr (dry). M=fuktig (moist) W= våt (wet), V= veldig våt (very wet) og S= sørpe (soaked)

Viss eit lag har ein raud strek er dette det laget, eller delen av laget som observatør har markert som mest kristisk lag. I denne profilen er det markert på 18 cm frå toppen

Den raude streken med punkt som går frå topp til botn er graf over temperaturen i snøen

Den oppbygginga av snøen som viser seg å vere til stades i dei aller fleste snøskredulykker er laust lag av kantkorn (FC), Begerkrystallar (DH) eller Overflaterim (SH) under hardare lag av avrunda korn (RG). Hardt lag av avrunda korn er ofte det som vert kalla fokksnø i snøskredvarsel. Du kan lese meir om korleis du skal gjenkjenne vedvarande svake lag i snøen her. Liste over alle snøkrystallsymbol finner du her.