Hopp til hovedinnhold

Varsom-appen kan lastes ned i App Store eller Google Play

Les mer om hvordan du kan lese og registrere observasjoner på Regobs | Varsom.no.

Viktig informasjon til turister | Varsom.no

Gjenkjenne vedvarande svake lag og lagdelingar i snødekket

Å gjenkjenne snøkrystallar og lagdelingar i snøen er vanskeleg. Men det er også viktig å kunne viss du vil prøve å gjenkjenne vedvarande svake lag og andre farlege lagdelingar. På denne sida gjev vi ein rask innføring i korleis gje ein grov vurdering av snødekket utan å vere ekspert på snø

For å gjenkjenne nokon av skredproblema som vert varsla på varsom.no må ein grave i snøen og sjå kva lagdelingar som finst i området der du sjølv er. Men å studere krystallar i lupe kan vere vanskeleg og forvirrande inntil ein har øvd seg og fått litt erfaring med dette. Heldigvis så får du eit godt inntrykk av snødekkeoppbygginga ved å sjå og kjenne på hovudtrekka i profilen du har gravd.

Fargenyansar i snøen

Farge delar me i to: kvit snø og blank (grå/blå) snø. For å sjå fargeforskjellar i snøen så må du sjå på heile profilen du har gravd, ikkje sjå på enkelte snøkrystallar i lupe. I lupe vil alle krystallar sjå blanke ut.

  • Kvit snø: Viss snøen er kvit så er det mest truleg nysnø eller snø som har blitt omdanna til avrunda krystallar – dette skjer typisk når nysnøkrystallane vert utsett for vind.
  • Blank snø: Viss snøen er blank (grå/blå) så kan det vere ein del forskjellig. Enten så har snøen vore utsatt for høge temperaturar og blitt smelteomdanna, eller så er det kulda som har satt i gang en prosess og laga rim på overflata eller kantkorn i snøen. For å skilje mellom smelteomdanna snø og kantkorn eller rim så kan ein vurdere hardheita til snølaget.

Er snøen fast eller laus?

Hardheitsforskjellar kjenner du på ved å bruke handa. Snø kan ha mange gradar av hardheit men hovudskiljet er om snøen er laus, eller om den er så fast at den heng saman og du kan få ut blokker eller flak av den.

  • Viss snøen er blank og fast så har du mest truleg med eit smelteomdanna lag.
  • Er snøen blank og laus og har du mest truleg med kantkorn eller rim å gjere. Unntaket kan vere viss snøen også er våt, då er det smelteomdanning som har skjedd eller pågår.
  • Kvit og fast snø er vanlegvis eit lag av avrunda korn. Slike lag vert vanligvis danna av vind og vert kalla for fokksnø i skredvarslet
  • Kvit og laus snø er nysnøpartiklar som enno ikkje har blitt nedbrutte til avrunda korn. Det finst sjølvsagt forskjellege gradar av hardheit, og når slike kvite lause lag byrjar å bli fastare så er det vanligvis det me kallar for delvis nedbrutte partiklar.

Kan eg bruke dette til å gjenkjenne skredproblemet vedvarande svake lag?

Ja, viss du finn eit laust og blankt lag under eit fast lag så har du mest truleg funnet dette skredproblemet. Då er det all grunn til å vere forsiktig og unngå ferdsel i skredterreng. Det kan vere mogeleg å løyse ut skred frå avstand. Men du må vere klar over at også tynne vedvarande svake lag er farlege, og desse tynne laga kan vere vanskelege å sjå.

Viss du finn slike krystallar i snøen så har du funnet det vedvarande svake laget kantkorn. Bruk gjerne mobiltelefon som lupe. Hugs at laget treng ikkje vere så tydeleg som her for å vere farleg.

Fast snø oppå laus snø er eit dårleg oppbygd snødekke.

Når ein får lag av fast snø over laus snø har du ein ugunstig oppbygging av snødekket. Det lause laget kan kollapse og flaket kan byrje å skli som eit skred viss det er bratt nok. Viss det er kort nok veg ned til det lause laget kan du oppleve fareteikn som sprekkar og drønn i snøen. 

Vil du lære meir om gjennkjenning av lagdelingar og snøkrystallar?

Viss du vil sjå bilete av snøkrystallar for å prøve å gjennkjenne dei ute kan du lese i vår observatørhandbok. Du kan også lese meir om snøprofil her på varsom.