Skredaktivitet
• 22. jan. 0-6 (+01:00) • Våte løssnøskred • Noen (2-5). 1 - Små. Naturlig utløst • Få bratte heng. V, NV. Over 1100 moh • Skodde i toppane. Litt vanskeleg å sjå. Observerte eit par mindre laussnøskred (str. 1) i bratte vestvendte sider.
Vær
• Yr • 1 °C • 7 m/s fra V → • Trekk frå vestlig retning i føremiddag. Førte til -1,9 effektivt. Hadde ein konserverande effekt på snødekket. Regnet som fall fraus i øvste del - og danna ei tynn hinne. Frå ca 1200 moh og opp.
Snødekke
• 150 cm • 0 cm • Snøgrense på 700 moh. Grense for lagdelt snø er på 800 moh • Vindpakket hard • Fuktig • Kjennes mest ut som ein vårdag. Generelt framleis lite snø. Mest snø rundt Folgefonna og i indre del rundt Håradalen og oppover mot Haukeli (?). Mindre i ytre del.
Overflata varierer. Fuktig opp til 1300-1400 i dag. Enkelte lommer med mindre vindpåvirka fuktig snø, men generelt bærende til brytande fokksnø. Fint skiføre. Lita hinne av smeltfrys over bærende fokksnø på ski over ca 1100. Lågare ned har ikkje temp/vind fått danna hinne. Enkelte konvekser som er avblåst til nedpå skaren frå sist mildværsperiode.
Det har samla seg ganske mykje snø i leformasjonar, spesielt mot aust, søraust og sør - over ca 900 moh.
Samanhengande skiføre varierer stor i regionen. I Håradalen/Røldal finner ein skiføre frå ca 6-700 moh, medan det andre plasser ikkje er føre før du er i 1200 moh. Innmeldt snøgrense (700) og grense for snø uten lagdeling er ikkje representativ for heile regionen, ei heller snødjupna. Dette er representativ for områda som er mest aktuelle for ferdsel på ski i disse dagar.
Tester
• ECTP14@28cm(Q3) • Middels • Mot sør-søraust. Nedføyka nysnø som problem. Det er også ulike lag av fokksnø nedover i snøpakken, men disse har bunde seg godt til kvarandre. Braut ut eit brot ved hjelp av rel. stor belastning av spade bak søyla, men ingenting å melde inn, i realiteten.
Snøprofil
• 1 test knyttet til snøprofilen
Skredproblem
• Tørre flakskred • Nedføyket svakt lag med nysnø • Innen en halv meter • Det svake laget bryter både lett og glatt. Det overliggende laget er mykt. Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Vanskelig å løse ut • 3 - Store • Få bratte heng NØ, Ø, SØ, S over 1100 moh • Mest truleg str 2 skred. Kan tenkes str 3 i spes utsatte heng høgt til fjells der det har samla seg mykje snø, men temp har nok ført til at det har sett seg ganske godt i høgda også. "Få" heng regionen sett under ett. "Noen" heng lokalt der problemet er mest aktuelt mtp skiføre i- og nær skredterreng. Kunne kanskje sett grensa enda høgare også mtp morgondagen.
• Våte løssnøskred • Ubunden snø • Naturlig utløst • 1 - Små • Noen bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV under 1200 moh • Det er lite snø i regionen. Det kan nok forsvares "mange" heng, men i disse "mange" henga er det ikkje skiføre, berre nysnø/vindtransportert snø som kviler direkte på barmark. Fell difor ned på "noen" som er representativt for dei områda det er skiføre i. Vil anta at det kan vere aktuelt frå sirka 1200 moh og ned i dag og moglegvis i morgon, men vinden fører til lågare temp og reduserer fare i høgda. Avhengig av at det kjem ein del regn.
Skredfarevurdering
• Ver obs der vinden har lagt igjen fokksnøflak. I utsette leformasjonar i høgda kan disse påvirkes. • Relativt stabilt inn mot sundag. Mogleg auke inn mot måndag, men avhengig av at det kjem nedbør som snø. Regionen har avgrensa område for skiføre per tid, men der det er skiføre så vil nok ein få ein liten auke i skredfaren inn mot måndag. Det er noko fukt i snødekket, høgt til fjells, så kan følgje litt med på skarelaget som no vert føyka ned (måndag). Mogleg det kan skje noko her på sikt, avhengig av kaldere temp. • 2 Moderat • Varslet faregrad er for høy • Dagens faregrad var nok litt for høg, men skjønar godt tanken bak det. Det fall truleg mindre nedbør enn forventa, noko som mellom anna eliminerte vatn i/over lag som skredproblem.
Det var ikkje voldsomt med nedbør som fall i føremiddag - auka litt på utover dagen. Vinden konserverte snødekket litt i høgda.