Hopp til hovedinnhold

Varsom-appen kan lastes ned i App Store eller Google Play

Les mer om hvordan du kan lese og registrere observasjoner på Regobs | Varsom.no.

Viktig informasjon til turister | Varsom.no

Snøskredvarsel for region Lyngen mandag 15.04.2019

Faregrad 2 - Moderat snøskredfare

Publisert:
Var varsom i områder med fersk fokksnø i fjellet. Naturlege skred kan gå på vedvarande svake lag i fjellet, og som våte skred i lavlandet og i solvendte heng.

Skredfarevurdering

Det er meldt fint vêr men sterkare vind enn det har vore dei siste dagane gjer at det framleis kan bygge danne seg nye fokksnøflak i leområder mot aust over mildvêrsgrensa. Dei fleste stadar vil desse truleg stabilisere seg relativt fort sidan det er gunstige temperaturar for å danne bindingar i snødekket. Vær likevel merksam på at nokre stadar kan fokksnøflaka ligge på rim- eller kantkornlag, og då vil det vere lettare å løyse ut skred, og skred kan bli større. Naturleg kan det gå våte laussnøskred og flakskred, både under mildvêrsgrensa, men også der sola står på. Djupe vedvarande svake lag i snødekket er generelt vanskeleg å påverke ved ferdsel, men skred kan gå naturleg som følgje av auka temperaturar og soloppvarming, samt auka belastning av vindtransportert snø, andre skred og skavlbrot. Om desse laga blir påverka kan skred bli store.

Skredproblemer

Fokksnø (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Nedføyket svakt lag med nysnø

Våt snø (løssnøskred)

Ikke gitt i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Ubunden snø

Vedvarende svakt lag (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen få bratte heng. Skred kan bli store nok til å ødelegge flere hus (str 4). Fjernutløsing er mulig.

Kantkornet snø over skarelag

Her beskriver vi oppbygningen i snødekket og varslet vær i fjellet på det tidspunktet varselet ble laget. Om dine observasjoner avviker veldig fra det som er beskrevet her, vil ikke nødvendigvis varselet være gjeldende heller. Gjør alltid egne vurderinger eller hold deg unna skredterreng.

Snødekkehistorikk

Søndag 14. april 2019

Etter pent og rolig vêr fram til torsdag har det vore bygevêr, tidvis sterk vind og mildare dei siste dagane. Over mildværsgrensa, som gjekk opptil ca. 700 moh laurdag og søndag, har det danna seg fokksnøflak av varierande hardheit, særleg i austvendte fjellsider. Under mildværsgrensa er det fuktig og våt snø.

Stadvis kan det vere nedføyka overflaterim eller begynnande kantkorn høgt i snødekket, men det er usikkert om dette har stor utbreiing, og til no er det berre observert frå tregrensa og ned. Djupt i snødekket finnast det eit vedvarande svakt lag av kantkorn i samband med skare, danna etter mildvêr 23. februar. Laget har stor utbreiing, men sidan det ligg djupt og under hard snø, skal det mykje til for å påverke dette ved ferdsel i terrenget.

Fram til midten av førre veke gjekk det fleire store skred på det djupe kantkornlaget, ein del som følgje av skavlbrot. Etter vêromslaget torsdag har det gått nokre mindre naturleg utløyste våte skred under mildværsgrensa.

Fjellvær

Søndag 14. april 2019

2-6 mm nedbør i døgnet. Stiv kuling fra vest. -4 °C til 1 °C på 1100 moh. Skyet. Vest stiv kuling i høyfjellet.

Mandag 15. april 2019

Oppholdsvær. Liten kuling fra vest, endring til bris fra vest om ettermiddagen. -5 °C til 1 °C på 1100 moh. Delvis skyet.

Råd

Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.
Forklaring til snøskredvarselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS