Bilde 1 av 5 Av:  Tester Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Gunstige temp for stabilisering av fersk fokksnø.
Bilde 2 av 5 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  SV. Ned Håradalen.
Bilde 3 av 5 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Vinterlig. Mykje ubunden snø i skogen. Har falle siste 24+ timar.
Bilde 4 av 5 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Skoggrensa. 30+ ubunden snø mot sør.
Bilde 5 av 5 Av:  Tester Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Fokksnøflak. Propagere ikkje, brytes laus med middels kraft med spaden bak blokka. Kan ikkje utelukke potensiale i det heilt enda mtp tid frå danning, men pga temp har det nok stabilisert seg ganske raskt og relativt godt, men med spørsmålsteikn knytt til ekstra utsatte formasjonar i høgda.
Det er også lagdeling vidare nedover snøpakken, men eg får ingen klare indikasjonar ved test. Det er fyrst når eg hamre laus/bryter laus blokka ved hjelp av spaden bak blokka, at eg får oppdeling; litt svekka bindingar innad i den vindtransporterte snøen. Det har stabilisert seg bra.
Faretegn
• Ingen faretegn observert • Område: Generelt på fjellet.
Skredaktivitet
• 12. jan. I løpet av dagen (+01:00) • Ingen skredaktivitet • Ingen fersk aktivitet. Køyrte tur-retur Rosendal-Røldal. Såg ingen større eller mindre skred. Relativt god sikt til indikatorheng for skred i fleire himmelretningar.
Vær
• Snø • -2 °C • 0 m/s • 100% skyer • Ein del vind frå sørvest i natt, litt dreiande. Relativt store mengder nedbør, som snø over ca 800 moh. I skrivande stund er det mildare og følgjeleg fuktig nysnø til ca 900 moh.
Det har blese ein del i det siste, skiftande vindretning. Det har vore relativt mildt, vekslande mildværsgrense.
Snødekke
• 100 cm • Ikke snøfokk • 15 cm • Nysnøgrense på 700 moh. Grense for lagdelt snø er på 700 moh • Mye tørr løssnø (10-30cm) • Tørr • Veldig bra • Varierende mengde ubunden snø. 30-40 cm i skogen. 10-20cm over skoggrensa, litt meir i skjerma formasjonar. Det har truleg falle ca 30+ cm snø siste 24 t. Ca 10-15 cm nysnø etter at nattas vind løya.
Nysnøgrensa har gått lågare rundt Røldal ifht Rosendal, ytre strøk.
Enkelte utsatte formasjonar, der sørvesten har fått ekstra tak, er det avblåst til nedpå mildværsskaren, men generelt så ligger det mellom 10-30 cm ubunden snø over alt.
Generelt mindre snø i ytre del ifht indre del.
Tester
• ECTN15@22cm(Q3) • God • Nedføyka nysnø mot aust-nordaust.
Snøprofil
• NØ • 16° • 1 test knyttet til snøprofilen • Vedvarende svakt lag: under flak • 7 temperaturpunkter observert
Skredproblem
• Tørre flakskred • Nedføyket svakt lag med nysnø • Innen en halv meter • Det overliggende laget er mykt. Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Lett å løse ut • 2 - Middels • Noen bratte heng N, NØ, Ø over 900 moh • Varierende aktuell grense i regionen. Gunstige temperaturar under og etter snøfall/vind har stabilisert skredproblemet relativt hurtig. Det vil truleg har redusert potensiale, men i høgda i enkelte utsatte formasjonar, så kan ein kanskje få størrelse 2 skred enda. Mogleg ein kunne sett "Få heng" - vanskeleg å løyse ut. Då ville vi nærma oss FG1, noko som ikkje er heilt utenkeleg lokalt.
• Våte løssnøskred • Ubunden snø • Naturlig utløst • 1 - Små • Noen bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV under 800 moh • Fallande temp og følgjeleg redusert fare for våte skred. Skredproblemet var mest aktuelt som eit augeblikksproblem knytt til nedbør som regn rundt 900 moh og ned. Ser ikkje på dette som eit veldig aktuelt skredproblem dei neste dagane.
Skredfarevurdering
• Ver varsom i formasjonar som har samla fersk fokksnø. Mest aktuelt i utsatte formasjonar mot nordaust og tilgrensende sektorar. Eldre fokksnø har stabilisert seg. • Gunstige temperaturar for stabilisering av dei ferskaste fokksnøflaka i dag, torsdag. Værprognosane for helga tilseier ikkje dei heilt store utslaga, noko som fordrar stabilisering av situasjonen. • 2 Moderat • Varslet faregrad er riktig • Nedføyka nysnø som skredproblem vil truleg har redusert potensiale som følgje av gunstige forhold for stabilisering under- og etter siste nedbør- og vindsyklus, men i høgda i enkelte utsatte formasjonar, så kan ein kanskje få størrelse 2 skred enda. Mogleg ein kunne sett "Få heng" - vanskeleg å løyse ut. Då ville vi nærma oss FG1, noko som ikkje er heilt utenkeleg lokalt. Vi ligger nok å vipper litt mellom. Regionalt så er det litt usikkert, tenker då spesielt på usikkerheita knytt til evt kantkorn i nordre del av regionen; Finse/Eidfjord.
Registrerer smeltepåvirka kantkorn/beger ved bakken, men det slår ikkje ut på test. Laga over beskyttar også godt. Tenker ikkje på det som eit aktivt skredproblem per i dag. Tidlegare var det potensiale for kanting rundt eit skarelag nede i snøpakken, men dette har ikkje materialisert, i alle fall ikkje lokalt, og med omsyn til temp.gradient og fuktigheit i snøpakken, så tviler eg på at det skjer noko spesielt no.