Bilde 1 av 7 Av:  Vær Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Mot nord. 700 moh. Lite snø. Tidlegare attfrosne bekkar og myrdrag har byrja å opne seg. Kanskje det frys igjen no...
Bilde 2 av 7 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Utsikt frå ca 700 moh. Mot SV.
Bilde 3 av 7 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Dårleg sikt til høgareliggande terreng. Gjekk til ca 900 moh.
Bilde 4 av 7 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps
Bilde 5 av 7 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Mot nord-nordvest. Relativt lite snø.
Bilde 6 av 7 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Mot søraust. Vestvendt side. Ikkje det store skiføret på 600 moh, men funkar til å gå rundt juletreet.
Bilde 7 av 7 Av:  Snøprofil Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Smelteomvandla. - 0,4 gr. Fuktig nysnø øvst.
Faretegn
• Fersk vindtransportert snø • Det føyka ein del i høgda i går, men pga allereie, dels, avblåste ryggar osb, så var det litt vanskeleg å få eit generelt inntrykk av kor kraftig det evt var. Altså snøfokk med vind frå sør. Etter kvart som vinden har dreia over på vest-nordvestleg retning, så har det løya litt, klokka 12.00 måndag. Ca 5-6 m/s på det meste.
Skredaktivitet
• 26. des. I løpet av dagen (+01:00) • Ingen skredaktivitet • Dårlig sikt til høgareliggande skredterreng/terreng som kan gi betre indikasjon på aktivitet, så dette er eigentleg ingen reel obs. Såg ingen aktivitet i den våte laussnøen der eg var i dag: vest-nordvest vendte heng opp til 900 moh.
Vær
• Snø • -0,5 °C • 3 m/s fra NV ↘ • 100% skyer • Væromslag (igjen!). Overgang frå regn i natt og i dag tidleg. Raskt fallande temp som følgje av dreiande vindretning. Vind frå sør i går-dag tidleg. Trekk frå vest-nordvest no. Byrja å snøa på 400-500 moh kl. 10.30. Tett snøvær i skrivande stund.
Snødekke
• 20 cm • Ikke snøfokk • 8 cm • Nysnøgrense på 400 moh. Snøgrense på 500 moh. Grense for lagdelt snø er på 800 moh • Våt løssnø • Fuktig • Dårlig • Fuktig nysnø opp til ca 700+ moh. Truleg høgare grense i går-i natt-i dag tidleg. For ytre del måtte ein nok opp i 1100 moh for å få snø i går, før væromslag i dag. Lågare grense i indre del, ca 900 moh.
Lokalt lite underlag utover eldre snø i forsenkningar i terrenget. Enkelte formasjonar mot nord og nordvest, i høgda, over ca 900 moh kan gi fint skiføre. Varierende. Lågare grense for samanhengande skiføre i indre del rundt Røldal.
Dårlig skiføre lokalt. Betre andre plasser ref. tekst over.
Tester
• CTM13@9cm(Q3) • God • Nysnø. Forplanter seg ikkje.
Snøprofil
• N • 30° • Bratt leformasjon på ca 850 moh. Isotermt. Mengde snø i formasjon ikkje representativt for snøen i terrenget rundt. • 3 Lagdeling • 5 temperaturpunkter observert
Skredproblem
• Våte løssnøskred • Ubunden snø • Naturlig utløst • 1 - Små • Noen bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV under 700 moh
• Tørre flakskred • Nedføyket svakt lag med nysnø • Innen en meter • Svært lett å løse ut • 2 - Middels • Noen bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S over 700 moh • Mest aktuelt og potent mot aust og søraust neste 24-36 timar. Skal prøve å gjere ein obs på skredproblemet på onsdag.
Skredfarevurdering
• Ver varsom i terreng som har samla mykje snø og som innbyr til skikøyring. Det vil vere svært lett å løyse ut skred i den ferske fokksnøen. Naturleg utløyste skred kan førekome. Ver også obs på vedvarande svake lag nede i snødekket. Det er stor variasjon i regionen, så skredfaren er ikkje like skarp over alt. • Det er meldt relativt kraftig vind og auka nedbørsintensitet dei neste 24-36 timane. Det vil nok føre til ein forbigåande skarp situasjon; truleg FG3 for dei mest utsatte områda. Det er variasjon i mengde snø på bakken i regionen, så været som kjem vil ikkje føre til ein like skarp situasjon over alt. Vi varierer nok mellom FG1 og FG3, men eg vil anta at vi har stor nok utbreiing på skredproblema til at vi lander på ein FG3 for regionen.
Etter det eg kan sjå på værmeldinga på yr.no, så skal det primært kome sterk vind frå vest og tilgrensande sektorar. Det tyder på at vi vil få mest pålagring mot aust og tilgrensande sektorar. Etter kvart skal vinden dreie, men også redusere seg i styrke. Vinden har teke seg opp i kveld, måndag. Det har også kome ein solid dose nedbør; mildværsgrense på ca 400 moh i kveldinga.
Situasjonen er forbigåande; måndag-tysdag. Det er relativt mildt, noko det også skal vere dei neste dagane. Det fører til at den ferske fokksnøen vil stabilisere seg raskare. • 3 Betydelig • Varslet faregrad er riktig • Skredfaren varierer i regionen. FG3 vil nok vere representativt for terrenget som per i dag er aktuelt å oppsøke for skikøyring. Forbigåande. Det er ein del område som vanlegvis ville vore aktuelle for tur, men disse har per i dag ikkje nok snø til å gi ein like skarp situasjon.
Notater
• Redigere obs. (Ny obstur mot røldalstraktene på onsdag)