Bilde 1 av 5 Av:  Vær Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Sørover frå der snøprofil vart greven. Overflata av snødekket har innslag av rim over nysnø og nær-overflata kantkorn. Slett og fint i deformasjoner.
Bilde 2 av 5 Av:  Skredproblem Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps
Bilde 3 av 5 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Eldre skredaktivitet i fjellsida midt i biletet.
Bilde 4 av 5 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Skispor - varierande kor djupe spor dei set.
Bilde 5 av 5 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Trør 10-15 cm ned utan ski. Ubunden snø tilgjengelig for transport om vinden tek seg opp.
Faretegn
• Ingen faretegn observert
Skredaktivitet
• 29. jan. 18-24 (+01:00) • Tørre løssnøskred • Noen (2-5). 1 - Små. Naturlig utløst • Få bratte heng. SV, V. Over 1000 moh • Observerte også nokre eldre tørre flakskred, på ca 1000 moh - mogleg utløyst i helga - eit av dei tendenserte til str. 3. Usikkert kva disse har gått ut på, om det er kantkorn eller nedføyka nysnø. Observerte også nokre få tørre laussnøskred i same sektor.
Vær
• Ikke nedbør • -11 °C • 3 m/s fra V → • 10% skyer • Kald og klar dag, fallande temperatur frå i går til i dag. Ingen vind av betydning. Fall litt nedbør som snø i går ettermiddag/kveld - ca 2-4 cm.
Snødekke
• 140 cm • Ikke snøfokk • 2 cm • Nysnøgrense på 0 moh. Grense for lagdelt snø er på 600 moh • Annet • Tørr • Det ligg framleis meir snø mot nord og nordvest, over 1000 moh, men regionen har fått bra påfyll med snø siste sykluser. Truleg litt meir snø og jamnere fordeling i indre del av regionen vs ytre.
Snøoverflata er varierande. Delvis avblåst nedpå skare på toppane og enkelte konvekser. Generelt i terrenget er det ein variasjon av ubunden snø, 10-15 cm tilgjengeleg for transport mot sør-søraust og aust, men også innslag av mjuke fokksnøflak. Herskende vindretning for oppbygging av fokksnøflak har vore frå vestlig sektor. Overflata har også eit lite rimlag øvst som kviler på nysnø i kombinasjon med nær-overflata kantkorn - totalt ca 10-15 cm. Greit å vere obs på om det skulle føyke ned.
Snødekket består elles av ulike sjikt av fokksnø som kviler på eit solid lag av avrunda kantkorn - ca 20-25 cm tjukt lag - (utan nemneverdig "piff"). Nedst mot bakken er det smelteformer. På lågare høgder er det observert kantkorn mellom skarelag, men dei har lite å sei per noverande tidspunkt.
Tester
• LBT@25cm(Q3) • Nedføyka nysnø. Skal ein del til for å få blokka til å gå i brot. Vil klassifisere det som middels stabilitet.
Snøprofil
• Kantkornlaget som har vore ei utfordring til no ligg djupt i dekket på denne lokaliteten. Dette laget består av to ulike sjikt; eit overliggande som er litt hardare og eit lenger nede mot smeltepakken som er mjukare (4F). Dette nedste laget er tynnare samanlikna med det overliggande, og i den grad det er potens at i dette, så er det det nedste laget - mot smeltepakken - som kan gå ut. Det skal særs stor tilleggslast om det skal gå ut noko på dette, iallfall her. For min del så tendenserar det til "Få bratte heng" trass i at dette er eit lag som vi antakelegvis vil sjå att i alle sektorar. • Vedvarende svakt lag: tynt lag, grunt • 13 temperaturpunkter observert
Skredproblem
• Tørre flakskred • Nedføyket svakt lag med nysnø • Det svake laget bryter både lett og glatt. Det overliggende laget er mykt. Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Vanskelig å løse ut • 2 - Middels • Noen bratte heng NØ, Ø, SØ, S over 600 moh
• Tørre flakskred • Dårlig binding mellom lag i fokksnøen • Innen en halv meter • Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Svært vanskelig å løse ut • 2 - Middels • Noen bratte heng NØ, Ø, SØ, S, SV over 700 moh • Observerte fleire sjikt i eldre fokksnø. Det skal stor tilleggslast for at dette skal gå i brot.
Skredfarevurdering
• Skredfaren primært knytt opp til fokksnøflak over nysnø. Det er vanskelig å løyse ut skred, men det er rimelig å anta at skredstr 1 og 2 kan gå. Ser ikkje på nedføyka kantkorn som stort problem lenger. Har sjekka på same stad tre veker etter kvarandre og det er tydelig at skredproblemet har mista mykje av futten. • 2 Moderat • Utfordring med kantkorn: Eg har ”tracka” det innmeldte kantkornproblemet siste tre veker, på meir eller mindre same stad; høgde og eksposisjon. For tre veker sidan var det særs stort potensiale i det, men opplevde det som mindre ”piff” i det førre helg – vurderte difor FG 2 med det i mente då. Under dagens observasjon opplever eg det som enda mindre potens i det. Det er ingen ferske skred knytt til dette skredproblemet heller. Moglegvis skred frå førre helg gjekk ut på dette laget, men det vert spekulasjoner frå mi side. Med tanke på at Røldalsfjellet er den staden i regionen kor du moglegvis har mest vêr og låge temp, iallfall samanlikna med ytre del, så byrjar eg å tenke at dette kan gjelde for heile regionen, om det gjeld her.