Snøskredvarsel for region Nord-Troms søndag 22.05.2022

Faregrad 2 - Moderat snøskredfare

Publisert:

Skred kan gå naturleg eller vere lette å løyse ut i bratte fjellsider med våt snø, særleg der sola står på. Hald god avstand til skavlar.

Skredfarevurdering

Skredfara varierer gjennom døgnet og er i hovudsak styrt av sola. Frossen snø er stabil, men skred kan gå naturleg eller vere lette å løyse ut når snøen blir våt utover dagen. Om ein vil ferdast trygt i skredterreng, eller ha fine skiforhold, er timing viktig. Hald god avstand til skavlar.

Skredproblem

Våt snø (løssnøskred)

Skred kan løsne av seg selv i noen få bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Råd

Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.

Snødekkehistorikk

Det er eit vårleg snødekke, og snøoverflata består i hovudsak av smelteomvandla snø. I områda som får klarvêr om natta eller minusgrader vil snøen fryse. Snøen vil vere fuktig eller våt under mildvêrsgrensa der det er skya, og der sola tek utover dagen. På dei høgaste toppane kan det framleis vere finkorna tørr snø i skuggefulle områder. Den siste veka har det gått mange våte laussnøskred i regionen. I tillegg stig snøgrensa og den er høgast i fjellsider som har hatt minst snø og mest sol.

Med klarvêr og stor utstråling om natta har det vore tilhøve for kantkorndanning under fokksnøen som kom i starten av veka, men det er ikkje observert at dette har skjedd og at det er eit problem. Drønn i skogen på fredag kan tyde på at eldre vedvarande svake lag har blitt våte.

Fjellvær, 21.05.2022

Ingen nedbør av betydning. Bris fra sørvest. -1 °C til 5 °C på 1100 moh. Skyet.

Fjellvær, 22.05.2022

Ingen nedbør av betydning. Bris fra sørøst, endring til bris fra vest om kvelden. -3 °C til 4 °C på 1100 moh. Klarvær.

Forklaring til snøskredvarselet Skriv ut varselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS