Hopp til hovedinnhold

Varsom-appen kan lastes ned i App Store eller Google Play

Les mer om hvordan du kan lese og registrere observasjoner på Regobs | Varsom.no.

Viktig informasjon til turister | Varsom.no

Rapport - dødsulykke i Hemsedal 31.12.22

Publisert: 09.02.2023

Nyttårsafta 2022 omkom ein mann ved skikøyring utanfor løypene ved Hemsedal skisenter. 

Løsnekant og øvre del av snøskred
Løsnekant og øvre del av skredbana. Foto Markus Landrø / NVE

EIn mann omkom ved skikøyring i nærleiken av Hemsedal skisenter nyttårsafta. Han vart teken av eit skred i ein trang bekkedal. Slike terrengformasjonar som aukar konsekvensane ved skredutløysing vert kalla terrengfeller.  Det var skredproblem både med vedvarande svakt lag av kantkorn og fersk fokksnø tilstades i skredområdet.  Mannen køyrde på ski åleine. 

Råd for skikøyring utanfor løyper:

  • Alltid køyr minst 2 i saman som kan hjelpe kvarandre ved skred eller andre ulykker
  • Bruk skredsøkar og ha med spade og søkestang ved ferdsel i skredterreng
  • Bruk kart over helning og utløpsområder i Varsom app som hjelp til å vurdere kva som er skredterreng.
  • Lær deg kva som er terrengfeller, unngå slikt terreng.

Gol og Hemsedal Røde Kors hjelpekorps og Norske Redningshundar har saman med NVE skrive ein rapport frå redningsarbeidet og ein vurdering av snødekket. Det er også summert opp kva me kan lære av denne hendinga. Les heile rapporten her.