Varsomvenn

Publisert:

Er du høgt kvalifisert innan det å gjere snø- og skredobservasjonar? Og vil du bli enda flinkere ved å delta på fagseminar arrangert av Snøskredvarslinga?

Arbeid med snøprofil. Foto: Jostein Aasen

I 2020 vil vi som et prøveprosjekt lansere "Varsomvenn". Varsomvenn er for deg som er aktiv med å dele observasjonar på Regobs, og har kurs på et høgt nivå innan det å gjere snø og skredobservasjonar, men som ikkje er med i NVE sitt observatørkorps. 

Fagseminar

Til desse kan snøskredvarslinga tilby del i eit sterkt fagleg fellesskap og gratis deltaking på fagseminar arrangert av skredvarslinga hausten 2020. 

Vil du bli Varsomvenn?

Har du ein av desse kvalifikasjonane: 

  • NVE observatørkurs 4a
  • Godkjent Tindevegleder
  • Godkjent Nortind Skivegleder
  • CAA level 2
  • Forsvarets skredvarslerkurs eller forsvarets ferdselskurs

I tillegg til at du jamnleg delar observasjonar på Regobs?

Då er du midt i målgruppa. Les meir om varsomvenn, og meld din interesse her.