Ny rutine for varsling av styrtregn

Publisert:

Meteorologisk institutt (MET) og Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har samordna varslinga av intense regnbyger med kort varigheit og alvorlege konsekvensar. Det oppdaterte varselet heiter “Styrtregn”.

 

Kart over styrtregn, gult nivå, Trøndelag, 17.06.2020. Illustrasjon: Meteorologisk institutt

 

Hele artikkelen ble først publisert på met.no 29.5.2020

 

Meteorologisk institutt (MET) og Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har samordna varslinga av intense regnbyger med kort varigheit og alvorlege konsekvensar. Det oppdaterte varselet heiter “Styrtregn”.

Sommaren nærmar seg, og på den tida av året, opplever Noreg stadig oftare styrtregn, som altså er intense regnbyger, ofte med lyn, torden og hagl i tillegg. Dei siste åra har det vore fleire dramatiske hendingar med styrtregn, blant anna i Utvik i 2017, og i Jølster, Brumunddal og Fredrikstad i 2019. 

MET og NVE har eit felles ansvar for varslinga av styrtregn, og har no samordna varslinga. Det vil seie at NVE ikkje lenger vil sende eigne farevarsel om flaum- og jordskredfare i samband med styrtregn. Publikum og beredskapsaktørar får i staden eitt samordna varsel.

Fram til no har MET sendt farevarsel for “kraftige regnbyger”. Dette varslet blir no erstatta av farevarselet for “Styrtregn”. 

Merk at det framleis vil kome separate farevarsel om flaum- og jordskredfare når hovudårsaka ikkje er styrtregn. Det vil også bli sendt ut varsel om mykje regn heile året for regn som varer over lengre tid. Sjå met.no sine informasjonssider om farevarsel for styrtregn og regn

 

Oransje er høgste nivå

Merk også at høgste nivå for farevarsel om styrtregn er oransje farge. Dette heng saman med at styrtregn er utfordrande å varsle fordi det er vanskeleg å vite akkurat kvar og når det råkar.

– Varsel om styrtregn vil bli sendt ut på gult og oransje nivå og må takast alvorleg fordi det kan råke hardt lokalt, forklarar Solfrid Agersten som er leiar for Værvarslingen i Oslo på Meteorologisk institutt.

Ho håper at eit samordna farevarsel skal gjere farevarsla meir oversiktlege og mindre forvirrande for brukarane. Eit farevarsel vil ofte dekke eitt eller fleire fylke, men varselteksten eller illustrasjonen i varselet vil innehalde informasjon om kvar det mest intense regnet vil vere venta. Farevarselet kan også bli oppdatert undervegs, og då er det lurt å følge utviklinga på Yr og Varsom

– Å følge med på utviklinga av varselet er ekstra viktig ved styrtregn fordi denne vêrtypen er utfordrande å melde. Av same grunn kan varselet kome kort tid før styrtregnet kjem, seier Agersten.

 

Konsekvensar av styrtregn

Det er vanleg å skilje mellom langvarig regn (gjerne over fleire dagar og store område) og styrtregn (intense regnbyger over éin eller nokre få timar, og gjerne heilt lokalt). Lyn og torden høyrer ofte saman med styrtregnet, i tillegg til lokale kraftige vindkast og eventuelt hagl. 

Den intense nedbøren over kort tid gjer at det ofte blir utfordringar med overvatn i tettbygde område. Det kan også bli utfordringar på vegar eller andre stadar med tette flater eller dårleg drenering. Vindkast kan føre til at trær velter og faller over infrastruktur.

Andre moglege konsekvensar er bekke- og elveløpsendringar, og jord- og flaumskred der regnbygene treffer. Det farlege styrtregnet er som regel svært lokalt, sjølv om varselet er sendt ut for eit større område. Nokre område vil berre få vanleg bygevêr, medan andre ikkje får nedbør i det heile teke.

 

Abonnement

Det går an å abonnere på farevarsel via e-post eller SMS. På varsom.no kan du sette opp abonnementet for ditt område og velje vêrtype. Abonnementet er gratis.