Hopp til hovedinnhold

Varsom-appen kan lastes ned i App Store eller Google Play

Les mer om hvordan du kan lese og registrere observasjoner på Regobs | Varsom.no.

Viktig informasjon til turister | Varsom.no

Snøskredhending på skredkurs 24. februar

Publisert: 07.03.2023

Eit lite snøskred vart utløyst på vidaregåande skredkurs med Polarsirkelen turlag. Ingen vart skadd i skredet, men instruktør på kurset har likevel utarbeida ein rapport for at andre skal kunne lære av hendinga.

lite skred i skogen
Skred utløyst av kursdeltakar i skogen

I rapporten kan du lese om:

  • Erfaringar med debrief etter hendingar
  • Korleis ein kan gripe tak i hendingar for å lære av dei. 
  • Råd om oganisering av deltakarar i gruppe.
  • Ein må alltid vere merksam på skredfare når ein er i skrederreng.

Det er veldig fint at arrangørar og turleiarar tek hendingar alvorleg og let andre lære av sine erfaringar.  Læringa er som regel best etter hendingar  utan alvorleg utfall. Då kan alle involverte vere med å gje innspel til vurderingar som vart gjort. 

Rapporten er skriven av Thomas Skonseng frå Polarsirklen Turlag. NVE har gitt innspel på form og oppbygging av rapporten. Du kan lese heile rapporten her.