Hopp til hovedinnhold

Rapport Snøskredulykke i Hydalen

Publisert: 27.10.2025

4. mars 2025 omkom to personar som gjekk til fots ved Trongbyttåne nord for Hydalen i Hemsedal. 

Trongbyttåne og restar av snøskredet. Biletet er teke 12. mars.
Foto: Øvre Buskerud Røde kors skredgruppe

Dei to var på ein vekelang tur og vart ikkje meldt sakna før fem dagar etter ulykka, då dei var venta tilbake. Ulykka skjedde under mildvêr med mykje regn og høge temperaturar, som førte til regn høgt opp i fjellet. NVE har ssamla fakta om denne vêrhendinga på nettstaden Naturhendelser.

Øvre Buskrerud Røde Kors skredgruppe har skrive rapport om snøskredulykka og redningsarbeidet. 

Rapporten og ulykka minnar oss på at:

  • Det er terrenget du ferdast i, og ikkje aktiviteten du held på med som avgjer om du utset deg for snøskredfare.
  • Når fleire ferdast saman i snøskredterreng, bør dei halde avstand. Då er det mindre risiko for at alle blir tekne av skred, og større sjanse for at nokon kan varsle naudetatane og starte kameratredning.
  • Alle som ferdast i snødekt skredterreng bør bruke tryggleiksutstyr som sendar/mottakar, spade og søkestong. Viss kameratredning med slikt utstyr skal vere mogeleg må ein vere fleire i saman, utan at alle vert tekne av snøskredet.
  • Store nedbørsmengder vil auke vekta på svake lag i snødekket.  Viss nedbøren kjem som regn vil svake lag også bli svekka.

Heile rapporten kan du lese her