Hopp til hovedinnhold

Varsom-appen kan lastes ned i App Store eller Google Play

Les mer om hvordan du kan lese og registrere observasjoner på Regobs | Varsom.no.

Viktig informasjon til turister | Varsom.no

Rapport - dødsulykke Finnvikeidet, Tromsø, 22.01.2024

Publisert: 05.03.2024

Den 22. januar 2024 omkom ei kvinne i snøskred ved Finnvikeidet i Tromsø då ho var ute på tur med hunden sin. 

Snøskred Finnvikeidet. Kvinna vart funnen utanfor høgre biletkant.
Foto: Torje Graff

Det var ingen vitner til ulykka, og ein kan difor ikkje vere heilt sikker på korleis ulykka skjedde. Men alt tyder på at ho har gått til fots og deretter aka ned ein bakke som var bratt nok til at ein kunne løyse ut skred. Her har det løysna eit skred som har begravd både kvinna og hunden. 

Denne ulykka minnar oss på at:

  • Det er terrenget du ferdast i, og ikkje aktiviteten du held på med som avgjer om du utset deg for snøskredfare.
  • Alt terreng over 30 grader bratt, og utløpsområder under er skredterreng. Her kan det gå skred viss det er nok snø. også i små heng.
  • Alle som ferdast i snødekt skredterreng bør bruke tryggleiksutstyr som sendar/mottakar, spade og søkestong. Viss kameratredning med slikt utstyr skal vere mogeleg må ein vere fleire i saman. 
  • Snø som vert flytta av vind er eit tydleg fareteikn som tyder på auka skredfare. Når ein opplever slike fareteikn bør ein ikkje ferdast i aktuellt skredterreng. Unngå leområder der vinden legg igjen snø. 

Vegard Olsen frå Norsk Folkehjelp har skrive ein rapport etter hendinga. NVE har bidrege med informasjon om værhistorikk, snøskredvarsel, terrengklassifisering og analyse av snødekkehistorikk.  Les heile rapporten her