Weather
• Drizzle • 4 °C • 0 m/s • 100% clouds • Regn /bygevêr siste 24 timar. Skodde så har ingen sikt til høgareliggande terreng, men antakelig er det mildt til 1200-1300 moh i dag også, men det har nok variert ein litt gjennom døgnet.
Snow Cover
• Snødekket er nok sterkt prega av mildvêret siste 24-48 timar. Truleg er det lite att av skiføre under 1000 moh. I enkelte himmelretningar, t.d. rundt Røldal skisenter, så kan ein nok finne samanhengande skiføre frå sirka 800 moh, men dette er nok ein av få unntak. Regionen er generelt prega av lite snø høgt til fjells, og følgjeleg er det skralt med alternativ for alpine turski. Skal ein finne skiføre så må ein høgt til fjells (over 1000+ moh), tett på Folgefonna eller i retning av Hardangervidda.
Avalanche Danger Assessment
• Det kan ha samla seg fersk fokksnø i høgda, over omlag 1200 moh. Disse kan det vere mogleg å påvirke. • Det ser ut til at temperaturen skal falle i løpet av dei neste dagane, samt at nedbøren skal vedvare. Temperaturen vil ligge å vippe mellom pluss og minus der det er per i dag er skiføre, så det er litt avhengig av når nedbøren kjem. Utover neste veke skal temperaturen falle enda meir, og i kombinasjon med at nysnøgrensa skal flytte seg ein del lågare, så vil vi få meir vinterlige forhold å handtere. • Forecast correct
Notes
• Skriv nokre betraktningar når eg kjem heim.