Snøskredvarsel for region Vest-Finnmark torsdag 14.03.2019
Faregrad 3 - Betydelig snøskredfare
Publisert:
Skredfarevurdering
Sidan det har vore ubunden snø i terrenget og det har vore sterk vind dei siste dagane, vil det truleg ha danna seg fokksnøflak i leområder, hovedsakleg mot nord, over tregrensa. I snødekket er det også vedvarande svake lag av kantkorn mellom skare og nyare fokksnø, og påverknad av desse kan føre til skred. Laga er lettast å påverke rundt og under skoggrensa der overliggande snø er lett bunden, medan det er vanskeleg å påverke over skoggrensa sidan overliggande lag er harde. Eventuelle skred på slike lag er venta å bli middels store til store, og det er mogleg å fjernutløyse skred. Ta difor konservative vegval, særleg rundt og under skoggrensa, men også i høgda der snødekket er tynt. Skredfara vil vere størst i områda som har fått mest snø og vind dei siste dagane, særleg vest i regionen.
Skredproblemer
Fokksnø (flakskred)
Du kan lett løse ut skred i mange bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).
Nedføyket svakt lag med nysnø
Vedvarende svakt lag (flakskred)
Du kan løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave en bil eller ødelegge et lite hus (str 3).
Kantkornet snø over skarelag
Råd
Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.
Relevant innhold
Nyttige lenker
NVE er medlem av EAWS