Vedvarande svake lag i snødekket gjer det krevjande å gjere lokale skredfarevurderingar. Nysnøflak kan enkelte stader feste seg dårleg til underlaget.
Skredfarevurdering
Vedvarande svake lag nede i snødekket, gjer det krevjande å gjere presise skredfarevurderingar. Sjølv om det har vore få fareteikn og liten skredaktiviteten den siste tida, kan konsekvensane av ferdsel i skredterreng likevel bli alvorlege, fordi enkelte flakskred som blir løyst ut over svake kantkornlag kan spreie seg langt ut til sidene. Det er lettast å løyse ut slike flakskred der flaka er tynne og mjuke, slik som td. i bratte soloppvarma fjellsider.
Tysdag kjem det litt nysnø i regionen. Mengdene er små, men vinden tek seg opp til liten kuling på kvelden. Der vinden dannar ferske nysnøflak, særleg tysdag kveld, er det sannsynleg at desse festar seg dårleg til underlaget, spesielt dersom underlaget er hardt. Dårlegast feste mot underlaget får ein der snøoverflata består av glatt skare (typisk i sør- og vestvendte heng) eller hard fokksnø med overflaterim (typisk i nord- og austvendte heng), men sistnemnde kombinasjonen er truleg mindre utbreidd.
Her beskriver vi oppbygningen i snødekket og varslet vær i fjellet på det tidspunktet varselet ble laget. Om dine observasjoner avviker veldig fra det som er beskrevet her, vil ikke nødvendigvis varselet være gjeldende heller. Gjør alltid egne vurderinger eller hold deg unna skredterreng.
Snødekkehistorikk
Mandag 2. april 2018
Snødekket er prega av tidlegare tining og gjenfrysing opp til ca. 700 moh. Over denne høgda finst det fokksnø i varierande mengde og utbreiing. I solvendt terreng er snøen påvirka av varme, slik at det er mjukt seint på dagen og skare om natta og tidleg på dagen. Siste vindtransport av snø kom 27.3 med vind fra SØ og påfølgande innlasting av snø i vestvendt sektor. Nord- og austvendt terreng har laus kantkorna snø i overflata og byr på godt skiføre.
Kantkornlag finst nede i snødekket i fleire himmelretningar. Laget går relativt lett til brot i stabilitetstestar. Søndag vart det rapportert om fleire drønn i snøen på Vikafjellet.
Fleire skred vart observert i regionen den førre veka. Det er færre observasjonar dei siste dagane, men i Jordalen i Voss vart det søndag rapportert om relativt ferske flakskred (str. 2). Frå lågareliggande strøk er det rapportert om glidesprekkar der snø ligg på bratte, glatte sva.
Fjellvær
Mandag 2. april 2018
Ingen nedbør av betydning. Bris fra nordøst. -15 °C til -8 °C på 1400 moh. Delvis skyet. Tilskyende om kvelden.
Tirsdag 3. april 2018
5 mm i døgnet, opp mot 10 mm i mest utsatt område. Bris fra øst, endring til liten kuling fra sørøst om kvelden. -13 °C til -6 °C på 1400 moh. Skyet.
Råd
Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.
Snøskredvarslingen publiserer varsler daglig i perioden 1. desember til 31. mai. Det utarbeides varsel to dager fram i tid som publiseres før kl 16. Ved behov oppdateres dagens varsel før kl. 10. Varslene publiseres av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), i et samarbeid med Meteorologisk institutt, Statens vegvesen og Jernbaneverket. Husk at varselet er et hjelpemiddel og ikke en fasit.