Snødekke
• Ikke snøfokk • Snøgrense på 0 moh • Litt tørr løssnø (1-10cm) • Tørr • I nedre delar er det «dust on crust», og ein ser stadvis teikn til enkelte rimkrystallar opp på skara. Når ein kjem litt lenger opp (400 moh), blir snødekket meir komplisert og det varierer mykje på små avstandar, under den lause snøen/lett vindpåverka snøen som kom tidlegare i veka (5-10cm). Stadvis er det hard skare/is som ikkje blir påverka, andre stadar er det eitt eller fleire skarelag med kantkorn, stadvis begerkrystallar, imellom, som blir påverkast av ein enkelt skikjøyrar. Laga er relativt tynne (1-2cm), og har stadvis godt utvikla kantkorn eller begerkrystallar på nokre mm. Utbreiinga blir større dess høgare ein kjem. Det blei enkelte sprekker, men dei forplanta seg ikkje langt. Så i observert område ser det ut som forplantningsevna i svake lag er begrensa, og det er heller ikkje så mykje snø opp på, så eventuelle skred vil ikkje bli store i liknande situasjonar. Utelukker ikkje at utbreiing og forplantningsevne, samt mektigheta av overliggande snømasser er større andre stadar. Obs terrengfeller.