Hopp til hovedinnhold

Varsom-appen kan lastes ned i App Store eller Google Play

Les mer om hvordan du kan lese og registrere observasjoner på Regobs | Varsom.no.

Viktig informasjon til turister | Varsom.no

Snøskredvarsel for region Trollheimen mandag 09.04.2018

Faregrad 3 - Betydelig snøskredfare

Publisert:
Det er eit komplekst snødekke, med nysnøflak i mange himmelretningar og fleire vedvarande svake lag. Ta konservative vegval.

Skredfarevurdering

Det er eit komplekst snødekke i regionen med nysnøflak i fleire himmelretningar og vedvarande svake lag på fleire dybder. Det har vore gunstige temperaturar for stabilisering av nysnøflak, men dei kan framleis vere ustabile i høgda, og auka vind kan danne nye i leområder mot vest utover dagen der det er snø tilgjengeleg for transport. Dei vedvarande svake laga har ikkje stabilisert seg. Vedvarande svake lag gjer at det er lettare og løyse ut skred, både ved direkte påverknad eller fjernutløysing, og skred kan bli større enn om slike lag var fråværande. I områder med sol kan det gå våte skred. Ferdsel i skredterreng kan få alvorlege konsekvensar og frårådast.

Skredproblemer

Vedvarende svakt lag (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave en bil eller ødelegge et lite hus (str 3). Fjernutløsing er mulig.

Nedsnødd eller nedføyket kantkornet snø

Nysnø (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Nedføyket svakt lag med nysnø

Her beskriver vi oppbygningen i snødekket og varslet vær i fjellet på det tidspunktet varselet ble laget. Om dine observasjoner avviker veldig fra det som er beskrevet her, vil ikke nødvendigvis varselet være gjeldende heller. Gjør alltid egne vurderinger eller hold deg unna skredterreng.

Snødekkehistorikk

Søndag 8. april 2018

Torsdag kom det rundt 25 cm nysnø. Denne har i ettertid blitt påverka av vind frå ulik retning og mildvær. Høgda til mildværsgrensa har variert mykje i regionen, men nokre stadar har den vore heilt opp i 1200 moh, men generelt har den vore langt lavare. Nysnøen, som er laus eller vindpåverka, ligg på skare under tregrensa og i bratte solvendte heng. På desse stadane kan nysnøen ha dårlege bindingar til underlaget, noko som er ugunstig for skredfaren.

Det finnast vedvarande svake lag på to dybder i snødekket. Det eine er i overgangen mellom den ferskaste nysnøen og det eldre snødekket, der det i påska blei danna kantkorn i laussnø og under skare. Stadvis var det også rim på same overflata. Lenger nede i snødekket finst framleis kantkornlaget som ga skred tidleg i påska. Dette kan framleis påverkast, men det skal meir til.

I Sunndalen blei det registrert små flakskred og drønn i snøen på fredag, og laurdag løyste ein person ut eit skred og blei begravd til midja på veg mot Gjerdhøa. Personen kom uskadd frå det.

Snødekket er tjukkare og meir homogent i ytre strøk enn i indre strøk.

Fjellvær

Søndag 8. april 2018

1-3 mm nedbør i døgnet. Bris fra vest, endring til bris fra nordøst om formiddagen. -7 °C til -1 °C på 1400 moh. Delvis skyet. Nedbør først på dagen.

Mandag 9. april 2018

Ingen nedbør av betydning. Frisk bris fra øst. -9 °C til -4 °C på 1400 moh. Delvis skyet.

Råd

Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.
Forklaring til snøskredvarselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS