Hopp til hovedinnhold

Varsom-appen kan lastes ned i App Store eller Google Play

Les mer om hvordan du kan lese og registrere observasjoner på Regobs | Varsom.no.

Viktig informasjon til turister | Varsom.no

Snøskredvarsel for region Romsdal mandag 09.04.2018

Faregrad 3 - Betydelig snøskredfare

Publisert:
Det er eit komplekst snødekke, med nysnøflak i mange himmelretningar og fleire vedvarande svake lag. Ferdsel i skredterreng frårådast.

Skredfarevurdering

Det er eit komplekst snødekke i regionen med nysnøflak i mange himmelretningar og fleire vedvarande svake lag. Det har vore gunstige temperaturar for stabilisering av nysnøflak, men dei kan framleis vere ustabile i høgda, og auka vind kan danne nye i leområder mot vest der det er snø tilgjengeleg for transport. Dei vedvarande svake laga har ikkje stabilisert seg. Desse er velutvikla og kan gi middels store til store skred, særleg der det er kantkornlag under skare. Det er lett å løyse ut skred, enten med direkte påverknad eller ved fjernutløysing. Utover dagen kan det gå våte skred i områder der sola får tak. Ferdsel i skredterreng kan få alvorlege konsekvensar og frårådast.

Skredproblemer

Vedvarende svakt lag (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave en bil eller ødelegge et lite hus (str 3). Fjernutløsing er mulig.

Nedsnødd eller nedføyket kantkornet snø

Nysnø (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Nedføyket svakt lag med nysnø

Her beskriver vi oppbygningen i snødekket og varslet vær i fjellet på det tidspunktet varselet ble laget. Om dine observasjoner avviker veldig fra det som er beskrevet her, vil ikke nødvendigvis varselet være gjeldende heller. Gjør alltid egne vurderinger eller hold deg unna skredterreng.

Snødekkehistorikk

Søndag 8. april 2018

Dei siste dagane har det kome opptil 40 cm nysnø i regionen, og denne har i ettertid blitt påverka av vind frå varierande retning og mildvær. Høgda til mildværsgrensa har variert mykje i regionen, men nokre stadar har den vore opptil ca. 700 moh. Nysnøen ligg på bærande skare i alle himmelretningar opp til tregrensa, og gjennombrotskare vidare opp til om lag 900 moh. Høgare ligg den på snø som er vindpåverka i varierande grad.

Det finst vedvarande svake lag på to dybder i snødekket. Det eine nivået er i overgangen mellom nysnøen og det eldre snødekket, der det er observert kantkornlag i overflata, kantkornlag under skare (600-900 moh), og overflaterim før siste snøfall. Dette har vist seg å ha gunstige eigenskapar for å gi skred dei siste dagane, og ved påverknad blir det drønn når kantkornlag under skare kollapsar. Lenger nede i snødekket er det eit anna kantkornlag som ga skred tidleg i påska.

Fredag ettermiddag gjekk det fleire middels store til store flakskred i regionen. Det gjekk blant anna skred både på Harstadfjellet, frå Steinberget og frå Blånebba. I alle tilfella var det personar i området og skreda kan ha blitt fjernutløyst.

Fjellvær

Søndag 8. april 2018

1-3 mm nedbør i døgnet. Bris fra sørvest, endring til bris fra nordøst om formiddagen. -7 °C til 0 °C på 1400 moh. Delvis skyet. Nedbør først på dagen.

Mandag 9. april 2018

Ingen nedbør av betydning. Frisk bris fra øst. -8 °C til -2 °C på 1400 moh. Delvis skyet.

Råd

Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.
Forklaring til snøskredvarselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS