Siste helga i april: Vår i fjellet – skredfaren er minkande

Publisert:

Over det meste av landet har det no vore høge temperaturar heilt til topps. Dette har har gjort snødekket fuktig eller vått. Temperaturen varierar gjennom døgnet. Skredfaren vil då også vere varierande gjennom dagen.

Sjølv om det vårast ligg det framleis snø heilt ned til fjæra over store delar av Nord-Noreg. Foto: Steinar Karlsen / regObs

 

Når snødekket er vått eller fuktig vil du ikkje få så tydlege fareteikn i form av drønn og sprekkar i snødekket som du gjer på turr vintersnø. Dei fareteikna som er lettast å legge merke til på vårsnø er:

  • Naturleg utløyste skred - Går det eit skred så ligg forholda til rette for at det kan kome fleire.
  • Mjuk og våt snøoverflate - Viss snødekket vert så mjukt at du trakkar nedi til toppen av støvelskaftet ditt er det lett å løyse ut våte laussnøskred i bratthenga

Skredfaren vil variere i løpet av døgnet og vere på det høgaste når temperaturen er høgast. Hugs at faregrad på varsom.no beskriver høgaste faregrad i løpet av døgnet i mest utsatt del av regionen. Det vil sei at viss du er ute på tur tidleg om morgonen og går på natteskaren kan du oppleve tilhøve som tilsvarar faregrad 1 liten, medan det i same området kan vere faregrad 2- moderat på ettermiddagen. Når me forventar slike svingingar vil me varsle høgaste faregrad, altså 2- moderat for dette området.

Skredfare i Noreg siste helga i april:

I Sør-Noreg har det aller meste av vedvarande svake lag smelta vekk no. Dei mest aktuelle skredproblema er våte laussnøskred når temperaturen er høg. I nokre høgfjellsområder har det lagt seg opp noko fersk fokksnø dei siste dagane. Det kan framleis vere mogeleg å løyse ut skred i denne. Ved inngongen til helga har dei fleste områda varsla faregrad 2- moderat, men fleire regionar er også nede på faregrad 1-liten.

I Nord-Noreg har det også kome litt nysnø i høgfjellet i mange regionar. Mot slutten av helga kan også områder i låglandet få eit gjensyn med nysnøen. Generelt i Nord kan det vere mogeleg å løyse ut skred i fersk fokksnø. Det finst også mange stadar framleis eit vedvarande svakt lag djupt i snødekket. Det skal for det stort sett mykje til for å påverke dette no, men viss det går skred på dette laget kan skreda bli store. Ved inngongen til helga er det varsla faregrad 2-moderat snøskredfare i alle regionar i Nord-Noreg.

Svalbard har hatt litt vind som har flytta laussnø inn i leheng. Der det ligg fersk fokksnø kan det vere mogeleg å løyse ut skred i denne. Også her er det varsla faregrad 2-moderat.