Observatørkurs i Tromsø

Publisert:

Har du ein jobb der du må vurdere snøskredfare? Eller er du berre over gjennomsnittet interessert i snø? I vinter det mogeleg å vere med på NVE sitt kurs for snøskredobservatørar.

På jakt etter svake lag i snødekket. Foto: Jostein Aasen / NVE

Mange har vore interessert i å vere med på NVE sine kurs for snøskredobservatørar. Me har difor satt opp eit kurs som tilsvarar NVE sitt observatørkurs 4a i Tromsø denne vinteren. Datoar for kurset er 26. -28. februar 2019.

Hovudemne som vert gjennomgått er:


• Snøprofil og stabilitetstestar
• Systematisk snødekkeundersøking
• Val av gode områder for snøobservasjonar
• Snøskredvarslinga i Norge – oppbygging og arbeidsmåtar
• Bruk av regobs til innarapportering av observasjoanr
• Skredfareskalaen – betydning av denne
• Vær og værkjennskap

Kurset er mest aktuellt for dei som gjer skredvurderingar i jobben sin. Td. fjellførarar, lærarar på friluftslivslinjer, kursintruktørar, skipatrulje osv. 

 

Du kan lese meir om kurset her