Image 1 of 6 Of:  Danger Sign Copyright:  Ingrid@NVE Comment:  Snøfokk frå fjelltoppane
Image 2 of 6 Of:  Avalanche Activity Copyright:  Ingrid@NVE Comment:  Har dessverre for dårleg kamera til å fange det, men var veldig tydeleg ute.
Image 3 of 6 Of:  Avalanche Activity Copyright:  Ingrid@NVE Comment:  Har dessverre for dårleg kamera til å fange det, men var veldig tydeleg ute.
Image 4 of 6 Of:  Weather Copyright:  Ingrid@NVE Comment:  Bygevær
Image 5 of 6 Of:  Weather Copyright:  Ingrid@NVE Comment:  Lange perioder med sol.
Image 6 of 6 Of:  Snow Cover Copyright:  Ingrid@NVE Comment:  Markør viser kantkorn under skare. Skara er danna på overgangen mellom smelteomdanna snø frå førre helg og nysnøen frå denne veka. Her var det på ca. 60 cm dybde.
Danger Sign
• Recent avalanches • Område: I dalen/fjorden. Beskrivelse: Sjå skredaktivitet.
• Recent snowdrift • Område: I dalen/fjorden. Beskrivelse: Det er snøfokk frå mange toppar. Vinden er frå NV, og det er mykje snø tilgjengeleg for vindtransport (i underkant av ein meter laussnø i skogen). Vinden kom i kast her.
Avalanche Activity
• 7. Mar. During the day (+01:00) • Dry slab avalanche • Several (6-10). 3 - Large. Spontaneous release • Many steep slopes. S. Above 500 masl • Det har gått fleire tørre flakskred i området, hovedsakeleg på Ramfjordsida av Tromsdalstind. Såg iallefall 9 stykk, fordelt i alle høgdeintervall frå toppen og ned til skoggrensa. Størrelsen var middels store til store. Såg også nokre andre skred, men sida på tromsdalstinden skilde seg ut (var også nesten den einaste fjellsida som vender mot sør og har skredterreng av dei eg såg). Rekner med dei har gått på kantkorn (ut i frå snødekke på anna fjell i område). Ekstra last av nysnø pg vindtransportert snø, samt sol kan ha bidratt til at dei har gått naturleg.
Weather
• Snow • -5 °C • from NW ↘ • 40% clouds • Sidan mildværet førre helg, har heile denne veka vore prega av bygevær frå nv. Dette gjaldt også i dag, men det har vore lange perioder med sol. Der var ein del vind som førte til snøtransport i høgda.
Snow Cover
• Moderate snow drift • Elevation of new snow 0 masl. Snow line at 0 masl • Much loose snow (10-30cm) • Dry • Den siste veka har det kome om lag 90 cm snø. I skogen er denne snøen ubunden, over tregrensa er den vindpåverka i varierande grad. På dagens tur var snøen berre lett vindpåverka og det ga fint skiføre.
Snøen frå denne veka har lagt seg over snøen som var påverka av mildvær, nedbør og vind førre helg.
Rundt tregrensa, som var einaste staden eg grov, er den eldre snøen grovkorna og framleis fuktig mot botnen av snødekket. Store begerkrystallar er lett å identifisere nederst i snødekket, men også desse er fuktige.
I overgangen mellom den "gamle" smelteomdanna snøen og snøen frå denne veka har det danna seg eit skarelag. Under dette skarelaget har det danna seg kantkorn (2-3 cm tjukt lag). Krystallane er ikkje veldig godt utvikla her, men identifiserbare. Utviklinga kan nok fortsette sidan det er mykje fuktighet i snødekke og meldt kaldare temperaturar og klarere vær.
(I høgda er truleg dei gamle vedvarande svara laga fortsatt inntakte, men undersøkte det ikkje).
Avalanche Problems
• Dry slab avalanche • Buried weak layer of new snow • Within a meter • Easy to trigger • 2 - Medium • Some steep slopes E, SE, S above 500 masl • Fokksnøflak var ikkje eit skredproblem på min tur i dag, men er det sannsynlegvis andre stadar. Der har vore relativt mildt, så dette skredproblemet er nok forbigåande.
• Dry slab avalanche • Buried weak layer of faceted snow beneath a crust • Within a meter • The collapsing weak layer is thin < 3 cm. The overlying slab is soft. • Difficult to trigger • 3 - Large • N, NE, E, SE, S, SW, W, NW above 500 masl • Kantkornlaget eg observerte, i overgangen mellom smelteomdanna snø og snøen frå denne veka, var ikkje veldig godt utvikla, men dette varierer nok. Utviklinga held sannsynlegvis også fram. I tillegg vil dei eldre vedvarande svake laga framleis vere tilstade i høgda (sjølv om eg ikkje har sett etter det i dag).