Avalanche Activity
• Wet slab avalanche • One (1). 4 - Very large. Spontaneous release • Few steep slopes. S, SW. Between 1100 masl and 0 masl • Har gått eit relativt stor vått flakskred frå like under toppen av Juklavasstinden. Tydeleg bruddkant. Eg reknar med at regn i kombinasjon med høgare temperaturar har gjort at det svake laget som tidlegare er observert 10-15 cm ned i snødekket har kollapsa. Snøen oppå det svake laget som er rest etter fokksnøflaket som danna seg etter siste periode med sterk vind har vorte betrakteleg våtare, men fukt og varm har framleis ikkje omdanna det svakelaget. Utan at eg kan sei det sikkert, så består dette svakelaget av nedføyka nysnø. Det trengs enda litt tid før dette er omdanna.
Tests
• CTE6@10cm(Q2) • Poor • Tydeleg brudd i svakt lag - tilsynelatande eldre nedføyka nysnø. Varmen og regnet har ikkje treng gjennom og ned til laget enda, men det som tidlegare var eit tørt fokksnølag er no betrakteleg våtare. Då eg løfta vekk flaket, få fulgte det med eit underliggande lag også. Tydeleg litt kompleks lagdeling. Dette underliggande laget virkar ikkje å ha like svakt lag som går i brudd under seg, men det er likevel verdt å merke seg. Lenger nede i snødekket ligger kantkornlaget, men der snødekket er tjukt, skal det mykje til for å belaste dette. Eg fekk det til å gå i brudd då eg la spaden bak søyla og pressa ho fram. Då skulle det lite til. Bruddet forplanta seg over heile søyla, og søyla sklei lett ut.