Hopp til hovedinnhold

Varsom-appen kan lastes ned i App Store eller Google Play

Les mer om hvordan du kan lese og registrere observasjoner på Regobs | Varsom.no.

Viktig informasjon til turister | Varsom.no

Snøskredvarsel for region Voss lørdag 09.02.2019

Faregrad 3 - Betydelig snøskredfare

Publisert:
Ver forsiktig i terrengformasjonar som har samla fokksnø, stadvis kan fokksnøen ligge på eit vedvarende svakt lag.

Skredfarevurdering

Pågåande sterk vind frå søraust og ny nedbør vil transportere snø inn i nordvestlege leområder. Her vil ein få oppbygging av ferske fokksnøflak. Det vil òg ligge eldre fokksnøflak i vestlege, nordlege og austlege renner søkk og lesider som får auka pålagring. Desse kan stadvis ligge på vedvarande svake rim- og kantkornlag. Bròt i desse laga kan gje store skred.

Ein må vere særs merksam der snødekket er tynt når ein ferdast i fjellet.

Skredproblemer

Fokksnø (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Nedføyket svakt lag med nysnø

Vedvarende svakt lag (flakskred)

Du kan løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Nedsnødd eller nedføyket kantkornet snø

Her beskriver vi oppbygningen i snødekket og varslet vær i fjellet på det tidspunktet varselet ble laget. Om dine observasjoner avviker veldig fra det som er beskrevet her, vil ikke nødvendigvis varselet være gjeldende heller. Gjør alltid egne vurderinger eller hold deg unna skredterreng.

Snødekkehistorikk

Fredag 8. februar 2019

Det har kome 10-15 cm snø over 600 moh siste døgnet, med store lokale variasjonar. Nedbøren kom i vind frå S-SØ og har gitt snøtransport inn i hovedsakleg nordaustlege leområder, og det har lagt seg opp ferske fokksnøflak. Under 600 moh har nedbøren kome som regn.
Snødekket i fjellet ber generelt preg av mykje vind frå SV-SØ siste tida med påfølgjande flakdanningar i NØ-NV.
Toppar og ryggar er i stor grad avblesne eller med hard bærande fokksnø.


Det er observert fleire lag med kantkorn og nedføyka overflaterim under den ferske fokksnøen frå dei siste dagane. Det er òg kantkorn kring eit skarelag djupt i snødekket som for det meste har bærande fokksnø over seg.
Observatørar melder torsdag inn typiske fareteikn som store igjenkjennbare krystallar, drønn og glatte bròtflater med god forplantningsevne.

Det var torsdag observert eit stort naturleg utløyst flakskred aust for Kvitanosi.

Fredag føremiddag er det snøveir og vind frå sør-søraust i fjellet.

Fjellvær

Fredag 8. februar 2019

6-10 mm nedbør i døgnet. Bris fra sørøst, endring til stiv kuling fra sørøst om kvelden. -11 °C til -5 °C på 1400 moh. Skyet. Stigende temperatur og nedbør mot kvelden.

Lørdag 9. februar 2019

8 mm i døgnet, opp mot 14 mm i mest utsatt område. Liten kuling fra sørøst. -6 °C til -2 °C på 1400 moh. Skyet. Økende nedbør mot kvelden.

Råd

Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.
Forklaring til snøskredvarselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS