Bilde 1 av 8 Av:  Skredaktivitet Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  To flakskred, som er rapportert tidlegare. Eit stort og eit lite.
Bilde 2 av 8 Av:  Skredaktivitet Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Nedføyka brotkant.
Bilde 3 av 8 Av:  Skredaktivitet Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Fleire brotkantar og ferske skispor på langnestind.
Bilde 4 av 8 Av:  Skredaktivitet Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Mindre skred.
Bilde 5 av 8 Av:  Skredaktivitet Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Skred
Bilde 6 av 8 Av:  Vær Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Fint vær.
Bilde 7 av 8 Av:  Snødekke Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Mykje ubunden snø.
Bilde 8 av 8 Av:  Snødekke Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Meir vindpåverka snø på Sylvkallen og Dalgubben.
Faretegn
• Ingen faretegn observert • Område: I denne fjellsida
Skredaktivitet
• 8. jan. I løpet av dagen (+01:00) • Ingen skredaktivitet • Det er ingen ferske skred, men ein del eldre. Det er brotkantar fleire stadar og i dei fleste himmelretningar. Dei har føyka litt ned. Må ha gått under eller etter snøværet onsdag. Storleiken varierar frå liten til stor.
Eg er litt usikker på om det berre har gått i vindpåverka snø, sidan det finnast i alle himmelretningar..
Vær
• Ikke nedbør • -6 °C • fra Ø ← • 5% skyer • Tysdag og onsdag kom det ca. 30 cm nysnø med vind frå nv. Sidan har det vore klarvær eller skya. I dag er det klart og kaldt. Det er inversjon og store lokale skilnadar. -11 på dalbotnane som i åmdalen og follstaddalen, -6 på standalseidet, -2 i volda.
Snødekke
• Ikke snøfokk • 0 cm • Nysnøgrense på 0 moh. Snøgrense på 0 moh • Rim på mykt underlag • Tørr • Det er ikkje så mykje snø for årstida, men den er fin den som er. I denne fjellsida er snøoverflata av mykje ubunden snø, med rim på overflata. Under den lause snøen er det stadvis meir vindpåverka snø, men den sprekk ikkje opp. Det som verre er, er at det mellom to skarelag har begynt å bli kantkorn. Det varierar ein del kor godt utvikla dei er og kor djupt dei ligg. Dei er nok både best utvikla og lettast å påverke der det er tynnare snødekke som på hauar og ryggar. Mange stadar er dei nok ganske vanskeleg å påverke, då dei ligg under hardare snø og kanskje ikkje er like godt utvikla. Det finnast iallefall mellom ca. 800 og 1150 moh, kanskje i eit større høgdeintervall også. Kanskje har skred gått på slike, sidan dei finnast i alle himmelretningar, men det er eg usikker på. Bratt skikøyring går tydelegvis bra i nokre fjellsider.
På nabofjell er snøen meir vindpåverka.
Skredfarevurdering
• Fokksnø har nok stabilisert seg relativt godt mange stadar. Vedvarande svake lag av kantkorn er under utvikling, og skred kan moglegens løysast ut på dei enkelte stadar.