Bilde 1 av 4 Av:  Vær Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Utsikt mot sør, dalmannshornet, brekketindane, slogen etc.
Bilde 2 av 4 Av:  Snødekke Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Strandadalen, vestvendte fjellsider til høgre, austvendte til venstre.
Bilde 3 av 4 Av:  Snødekke Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Utsikt mot nordvest, velledalen mot sykkylven.
Bilde 4 av 4 Av:  Snødekke Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Utsikt mot sør.
Skredaktivitet
• 29. apr. I løpet av dagen • Våte løssnøskred • Ett (1). 1 - Små. Naturlig utløst • N • Såg at det gjekk eit lite skred i ei svært bratt nordvendt fjellside, men utover det var det lite dagsferske skred å sjå, både på dette fjellet, men også kjørestrekninga volda-stranda. Det har gått ein del skred tidlegare, både flakskred og laussnøskred.
Snødekke
• Ikke snøfokk • Våt løssnø • Våt • Det har vore stor snøsmelting den siste tida og snøgrensa blir høgare for kvar dag. Høgda på snøgrensa er i hovudsak styrt av eksposisjon og kvar det har samla seg mykje snø igjennom vinteren. I nordsider der det har vore mykje snø går det ned til ca. 500 moh, men bratte sørsider og vindutsette ryggar er stadvis bare heilt til fjelltoppane. Dette varierer litt frå dal til dal. Her var det fast og fin snø i den skyggefulle nordsida nederst, men sugeføre i den austvendte fjellsida lenger oppe. Det var Ca. 5 cm våt snø i overflata. Det er smelteomvandla grovkorna snø alle stadar.
Vær
• Ikke nedbør • 19 °C • fra SØ ↖ • Den siste tida har det generelt vore fint vær, varmt og sol. Eit par netter har det regna litt og det har vore vind i fjellet. Mandag var det tynne slørskyer, 20 grader på havnivå på stranda. Det var nokre grader kaldare i volda.
Skredproblem
• Våte løssnøskred • Ubunden snø • Naturlig utløst • 1 - Små • Noen bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV over 700 moh • Det kan sjå ut som skredaktiviteten har avtatt dei siste dagane. Ser likevel spor etter nokre eldre laussnøskred, men også flakskred. Glidesprekker er det mange stadar. Faren for skred er størst når sola varmer står på og når det har vore skyer om natta som hindrer varmeutstråling.