Hopp til hovedinnhold

Varsom-appen kan lastes ned i App Store eller Google Play

Les mer om hvordan du kan lese og registrere observasjoner på Regobs | Varsom.no.

Viktig informasjon til turister | Varsom.no

Snøskredvarsel for region Romsdal søndag 10.03.2019

Faregrad 2 - Moderat snøskredfare

Publisert:
Lokalt ustabile forhold som følgje av nedsnødd rim eller kantkorn. Ver forsiktig i leområder der vinden har lagt igjen nysnøflak.

Skredfarevurdering

Det er krevjande skredtilhøve på fjellet. Skredproblema finns i nysnøen frå fredag og der det kjem nysnø søndag. Der vinden har flytta denne snøen slik at det er danna flak vil det vere lett for ein skiløpar å løyse ut skred. Det er store variasjonar i kor mykje vinden har påverka. Før nysnøen kom var det vêrtilhøve for utvikling av ustabile rim og kantkornlag på eller i nærleiken av overflata. Desse laga ligg no nedsnødd i nokre heng og her vil der vere lett å løyse ut skred. Ver merksam på drønn og skytande sprekker. Der sola kjem fram vil laussnøskred kunne løysas ut naturleg og bli str. 2 (middels store). Skredfarene er venta å gå noko ned søndag.

Skredproblemer

Nysnø (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Nedføyket svakt lag med nysnø

Vedvarende svakt lag (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen få bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2). Fjernutløsing er mulig.

Nedsnødd eller nedføyket overflaterim

Her beskriver vi oppbygningen i snødekket og varslet vær i fjellet på det tidspunktet varselet ble laget. Om dine observasjoner avviker veldig fra det som er beskrevet her, vil ikke nødvendigvis varselet være gjeldende heller. Gjør alltid egne vurderinger eller hold deg unna skredterreng.

Snødekkehistorikk

Lørdag 9. mars 2019

Nysnø til havnivå fredag har lagt seg på eit varierande snødekke som var solpåverka i heng mot S og i ulik grad av vindpåverking elles på fjellet. Siste vekes snø har gode bindingar til det gamle snødekket som vart kraftig påverka av mildvêr til fjelltopphøgde i slutten av februar. Det finns framleis lagdeling høgt til fjells, men skaren som no ligg under nysnøen er berande opp til omlag 1200 moh.

Overflaterim kan ha snødd ned fredag og i nokre heng er rimen bevart og gjer nysnøfka over ustabile. Det vart danna solskare i heng mot S tidlegare i veka. Rundt dette skarelaget kan det ligge ustabile lag av kantkorn.

Ved Hurrungen i Isfjorden vart det observert eit middels stort naturleg utløyst flakskred fredag. Det har gått mange laussnøskred i nysnøen laurdag morgon da sola kom fram og nokre str.1 flakskred.

Det kom 20-25 cm nysnø både på Romsdalshalvøya og i indre strok fredag-laurdag. Skytande sprekker og drønn vart observert ved Blånebba fredag. Laurdag er det sol og lite vind i regionen. Observasjonar laurdag viser gode bindingar mellom nysnøen frå fredag og underliggande snø. Dette kan tyde på at utbreiinga av vedvarande svake lag er avgrensa.

Fjellvær

Lørdag 9. mars 2019

2-6 mm nedbør i døgnet. Bris fra nordvest, endring til bris fra nord om ettermiddagen. -16 °C til -9 °C på 1400 moh. Delvis skyet. Av og til nordlig frisk bris.

Søndag 10. mars 2019

3-7 mm nedbør i døgnet. Bris fra nordvest. -14 °C til -9 °C på 1400 moh. Delvis skyet.

Råd

Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.
Forklaring til snøskredvarselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS