Hopp til hovedinnhold

Varsom-appen kan lastes ned i App Store eller Google Play

Les mer om hvordan du kan lese og registrere observasjoner på Regobs | Varsom.no.

Viktig informasjon til turister | Varsom.no

Snøskredvarsel for region Lyngen søndag 12.05.2019

Faregrad 2 - Moderat snøskredfare

Publisert:
Vær varsom der det har samla seg fersk vindtransportert snø. Under mildvêrsgrensa kan det gå naturlege utløyste våte laussnø- og flakskred.

Skredfarevurdering

Det er meldt ein del nedbør og vind, og mildvêrsgrensa skal synke utover dagen. Under mildvêrsgrensa kan oppbløyting og opphoping av vatn svekke bindingane i snøen, og det kan dermed gå våte laussnø- og flakskred. Om vatn trenger ned til restar av kantkornlag kan det gå enkelte store skred. Over mildvêrsgrensa vil det utover dagen danne seg fokksnøflak i leområder mot sør og vest. Truleg vil desse legge seg på fuktig snø, men høgt til fjells kan dei legge seg på skare, og dermed ha dårlegare feste til underlaget. Skred vil då vere lettare å løyse ut og bli noko større. Det kan også ligge lommer av nedføyka rim under eldre fokksnøen i høgfjellet.

Skredproblemer

Fokksnø (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Nedføyket svakt lag med nysnø

Våt snø (løssnøskred)

Du kan lett løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Ubunden snø

Her beskriver vi oppbygningen i snødekket og varslet vær i fjellet på det tidspunktet varselet ble laget. Om dine observasjoner avviker veldig fra det som er beskrevet her, vil ikke nødvendigvis varselet være gjeldende heller. Gjør alltid egne vurderinger eller hold deg unna skredterreng.

Snødekkehistorikk

Lørdag 11. mai 2019

Etter at det kom opptil 25 cm nysnø med vind frå nord onsdag og natt til torsdag, har det dei siste dagane vore mildt høgt til fjells, vind frå søraust og periodar med sol. Fokksnøflak og den ubunden snø frå siste snøfall vil dermed ha blitt fuktig dei fleste stadar, men den kan framleis vere tørr i skyggesider på dei høgaste fjelltoppane. Stadvis finnast det nedføyka rim under fokksnøen. I lavlandet og solsider vil det ha blitt våt smelteomdanna snø.

Det harde, eldre snødekket har tidlegare vore påverka av varme og regn, og er i hovudsak grovkorna, smelteomvandla og stabilt. Høgt til fjells, særleg i nordsider, er det framleis restar av vedvarande svake lag, men så lenge det eldre snødekket er hardt og frosset, utgjer dei ikkje noko problem.

Soloppvarming av snødekket har ført til fleire små våte laussnøskred dei siste dagane. Fredag gjekk det også eit naturleg utløyst flakskred i fokksnø frå Rundfjellet.

Fjellvær

Lørdag 11. mai 2019

Ingen nedbør av betydning. Bris fra sør. -1 °C til 6 °C på 1100 moh. Delvis skyet. Nedbør først på dagen.

Søndag 12. mai 2019

14-16 mm nedbør i døgnet. Bris fra nord, endring til liten kuling fra nord om ettermiddagen. -3 °C til 4 °C på 1100 moh. Skyet. Litt lavere temperatur utover dagen. Nedbør fra om ettermiddagen.

Råd

Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.
Forklaring til snøskredvarselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS