Faretegn
• Ferske skred • Observerte ein del våte laussnøskred utover dagen - hyppigare etter kvart som sola fekk tak. Str. 1.
Skredaktivitet
• 15. apr. I løpet av dagen (+02:00) • Våte løssnøskred • Mange (10 eller mer). 1 - Små. Naturlig utløst • Noen bratte heng. Ø, SØ, S, SV, V. Over 700 moh
Vær
• Ikke nedbør • -4 °C • 0 m/s • Kaldt og klart i natt og I dag. Sola tek godt i solvendte sider. Natteskaren tinar fort opp.
Snødekke
• Ikke snøfokk • 0 cm • Snøgrense på 700 moh • Vindpakket hard • Tørr • Antar at det er ein del variasjon i regionen ref. førre obs. Vinden la opp ein del solide flak under førre vindsyklus, men varierande kor mykje vinden jobba i regionen. Det er difor alt frå den gamle smeltepakken som er framme i dagen til smelt-frys skare, vindpakka mjuk-hard og meir ubunden snø. Flaka vinden al opp tidlegare har så smått byrja å verte litt "oppeten" enkelte plasser.
Grense for samanhengande skiføre varierer avhengig av kor du er i regionen, samt kva himmelretning du oppheld deg i. Fjordnære fjell tilsynelatande meir avsmelte enn fjellsidene lenger inn i dalane. Generelt tynt snødekke.
Varierande lagdeling, avheng. av kor du er i regionen. Vil anta at ein har fått noko kanting generelt, men meir tilspissa der kulden har fått jobba meir i fred.
Tester
• CTM12@55cm(Q2) • Middels • Kantkorn over skarelag.
• ECTP12@55cm(Q2) • Middels • Kantkorn over skarelag. Blokka sklir relativt lett ut, men laget litt under eit tjukt lag av bærande fokksnø m.m.
Snøprofil
• 2 tester knyttet til snøprofilen • Austvendt. • Vedvarende svakt lag: tynt lag, under mykt flak • 7 temperaturpunkter observert
Skredproblem
• Tørre flakskred • Kantkornet snø over skarelag • Innen en meter • Det svake laget bryter både lett og glatt. Laget der bruddet skjer er tynt < 3 cm. Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Vanskelig å løse ut • 3 - Store • Noen bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV over 800 moh • Usikker på utbreiing. Har utvikla seg meir siste dagar, men er ikkje ekstremt potent. Kaldare snødekke i dag samanlikna med tidlegare i veka så det har kanta seg noko. Vil anta at sidan det et over skare så kan d vere aktuelt i alle sektorer frå ca 800 og opp, men vil også anta at det ikkje er like aktuelt over alt, både lokalt og i regionen sett under eitt. Mellomting mellom lett og vanskelig å løyse ut lokalt, avhengig av overliggande snø. Har diskutert litt med meg sjølv og går for "vanskeleg å løyse ut". Landar på ein FG 2 - noko eg synes er fornuftig. Det kan nok vere plasser der det er "lett" å løyse ut, men ikkje der eg var i dag.
Skredfarevurdering
• Ver obs i solvendte sider. Våte laussnøskred av str. 1 og 2. kan lausne naturleg. Ver også obs på at det er vedvarandre svake lag i snødekket. Det er knytt usikkerhet til kor stor utbreiinga av dette er, så skal du inn i skredterreng, anten lausne- eller utløpssoner for skred så bør du vite om skredproblemet er til stades eller ikkje. Det skal i utgangspunktet større tilleggslast til for å lausne ut skred på det vedvarande svake laget, men om det går til brot så kan skreda og konsekvensane verte store. Ver ekstra obs der snødekket er tynt. • Sola tek godt på dagtid, men det er kaldt og klart på natta. Meldt låge temperaturar nattestid gjennom helga - utviklinga vil fortsette. Spesielt der overliggande snødekke er tynt. Solinnstråling vil svekke flak der sola får jobbe mest. • 2 Moderat • Usikker på utbreiinga av kantkorn over skarelag og kor potent det er. Det er nok ikkje like potent over alt i regionen, men eg finner det relativt tydeleg i dag. Fjernutløysing kan sjølvsagt vere eit scenario, men eg opplever ikkje det som veldig aktuelt der eg var i dag mtp eigenskapane til kantkorna, lokalt. Men det kan sjølvsagt endre seg fort, og det er sjølvsagt mogleg i andre sektorar, t.d. mot nord og der snødekket er tynnare og kantkorna har fått utvikle seg meir. Spekulasjonar, men greit å understreke at om ein skal inn i skredterreng så bør ein vite om skredproblemet er til stades eller ikkje. Eg lander på ein FG 2, men viktig å understreke at vedvarande svake lag kan vere til stades og ferdsel bør justeres etter evne.
Mogleg skreda som gjekk ut på Gygrastolen, obs. 13. april, har gått ut på dette laget.