Snødekke
• Ikke snøfokk • 1 cm • Snøgrense på 750 moh
Vær
• Ikke nedbør • 1 m/s fra SØ ↖ • 50% skyer • Det fall litt nedbør i går kveld/natt, men minimalt. Kanskje 1-2 cm maks. Mest truleg berre i enkelte deler av regionen. Det har klarna opp utover dagen.
Notater
• Eg prøver å komme meg opp i høgda på torsdag, anten i røldalsfjella eller lokalt i Rosendal. Skal også sjå om det er spor etter rimlaget frå førre helg - det kan kanskje finnes i leformasjoner der vinden ikkje fekk tek før fokksnøen/nysnøflaka etablerte seg. Kun spekulering, men registrerer at det er gjort obs på drønn i snødekket i regionen. Greit å få sjekka ut.
Oppdatert:
Som eit lite tilleggsnotat så er det verdt å merke seg at det er registrert drønn i snødekket enkelte plasser. Etter å ha fått tilsendt nokre bilete så ser det ut som om at rimlaget frå førre helg kan ha overlevd vindsyklusen i veka som var. Basert på bileta eg har sett så kan det sjå ut som om at den utskårne blokka har glidd ut på eit tynt lag over skaren. Dette på ca 1000 moh, i leside for vinden som herja i veka - mot vest/nordvest. Dette samsvarer godt med observasjonene av rim sist helg. Det er difor mogleg at rimet kan ha overlevd i få/noen bratte heng over 900 moh i nordvest og vest - evt bygd seg opp kant. Det vil vere enklare å løyse ut skred der snødekket er tynnare og evt. overflata mjukare. Str. skred 1-2 er mogleg.
NB! Dette er ikkje noko eg har observert sjølv. Kun spekulering. Eg rekker truleg ikkje ut på tur før torsdag.