Faretegn
• Fersk vindtransportert snø • Område: Generelt på fjellet
Det har falle litt nedbør som snø i høgda dei siste dagane. Usikker på kor mykje, men det har føyka godt på toppane i dag, torsdag. Det er nok ikkje dei heilt store mengdene, men det kan vere lokale variasjoner for regionen.
Vær
• Ikke nedbør • 9 °C • 12 m/s fra SØ ↖ • 100% skyer • Framleis relativt mildt. 2,2 grader på om lag 700 moh.
Skredfarevurdering
• Skredfaren er knytt til nydanna fokksnøflak mot nord og nordvest. Det er usikkert på kor mykje snø som har vorte transportert og følgjeleg kor store skreda kan bli, men ver obs. Glideskred er framleis eit faremoment, så hald avstand til bratte hellingar der dette er aktuelt. Ver også obs på ein del store skavlar som følgje av vindens herjinger i vinter. • Frå fredag av vil det igjen verte aktuelt med våte laussnøskred som følgje av at sola kikkar fram gjennom skylaget. Ver obs der sola får jobbe lenge nok. Skredfaren er aukar utover dagen. Glideskred og tørre flakskred vil framleis vere aktuelle. Det har blåse frå sør-aust, torsdag, så dei ferske nysnøflaka vil ligge litt skjerma mot sola i ein del nord-nordvest vendte hellingar. Uvisst kor stort potensiale det er i disse, men det er rimeleg å anta at det basert på nynsømengde kan gå str. 1+skred. Glideskreda er aktuelle til dei eliminerer seg sjølv. • 2 Moderat • Varslet faregrad er riktig • Vil anta at det framleis ligg på ein FG2, men tidvis har det minna litt om FG1. Men for regionen sett under eitt så er FG2 rimeleg. Skal kikke nærare på det på neste obstur. Per i dag er skredfaren primært knytt opp til glideskred og tørre flakskred, samt at det potensielt kan gå nokre våte laussnøskred under 1000 moh. Sistnevnte er nok enda meir aktuelt for i morgon, fredag, når sola skal kikke fram igjen. Glideskreda er dei som kan bli størst (str. 3), medan eg vil anta at dei nydanna fokksnøflaka ikkje vil kunne verte større enn str. 1+. Dette pga relativt lite nysnø, men som nemnt kan det vere litt lokale variasjoner.