Faretegn
• Ingen faretegn observert • Område: Generelt på fjellet
Skredaktivitet
• 13. feb. I løpet av dagen • Ingen skredaktivitet • Observerte ingen skredaktivitet
Vær
• Ikke nedbør • -7 °C • 2 m/s fra N ↓ • 5% skyer • Har vore kalde temperaturar -20 +/- siste døgnet. Sola byrjar å varme om dagen men har fortsatt lite å sei på snødekket, overflata er fortsatt heilt tørr. Har vore kaldt med lite nedbør over ein lang periode som speiglar seg i overflaterimet me fant i øverste den av snødekket.
Snødekke
• 100 cm • Ikke snøfokk • 0 cm • Snøgrense på 0 moh • Litt tørr løssnø (1-10cm) • Tørr • Snøen har vorte fordelt utover av vinden med store lokale variasjonar. Me kan sjå tydlege variasjonar frå henteområde og lesider. Finn snødjupnad ned mot 120cm på lesider samt bare rabbar på henteområde. Under tregrensa er vinden upåverka av vind, men overtregrensa har vinden flytta mykje på snøen
Tester
• CTM22@30cm(Q2) • Middels
• ECTP21@30cm(Q2) • Middels
Snøprofil
• 2 tester knyttet til snøprofilen • Vedvarende svakt lag: under flak, grunt • 7 temperaturpunkter observert
Skredproblem
• Tørre flakskred • Nedsnødd eller nedføyket overflaterim • Innen en halv meter • Det svake laget bryter både lett og glatt. Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Lett å løse ut • 2 - Middels • Få bratte heng Ø, SØ, S, SV, V mellom 1300 moh og 900 moh • Laget er NEDFØYKA OVERFLATERIM, ikkje nedsnødd overflaterim slik det står, men det var den beskrivinga som var nærast.
Eg har kun sjekka snøen i SV/ S /SØ men på grunn av tidlegare vær forventast problemet å ligge i alle himmelretningar. Nedbrytande prosessar har stor innveknad på om ein vil finne problemet eller ikkje. Der vinden har tatt vil ein ikkje finne desse krystallane ståande og det vil ikkje vere eit problem. Dermed kan ein og anta at ein ikkje finne SH i øvste del av fjellet. Einaste grunnen for at dette vil utgjere eit skredproblemet er om snø vil leggje seg som eit flak på toppen av SH laget. Dette vil då kun vere eit problem i få heng der krystallane fortsatt står samt at det er blitt transportert snø oppå krystallane.
Ut i frå piten eg grov var ikkje dette eit skredproblem pga ingen snø på toppen av SH.
• Tørre flakskred • Kantkornet snø under skarelag • Innen en halv meter • Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Lett å løse ut • 2 - Middels • N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV mellom 1300 moh og 1100 moh • Det svake laget består av kantkorn under skarelag. Kantkorna er frå 2-2,5 mm store. Laget der brotet skjer er 4cm tjukt.
Eg har kun sett på snølaga i S/ SV / SØ vendte sider, men mest truleg vil dette skredproblemet breie seg ut i alle himmelretningar ut i frå det været me har hatt den siste tida.
Skredfarevurdering
• Ut i frå at det svake laget ligg 30 cm djupt i snødekket er det mogleg at ein skilaupar kan påverke laget. På oversida av kantkornlaget ligg det eit flak med RG. Dette gjer at skredproblemet er flakskred som kan skli ut på det svake laget med kantkorn ved større belastning på snødekket. • Ved høg temperaturgradient vil kantkorna i det vedvarende svake laget fortsetje å vekse og skredfaren vil vedvare/auke.
Ved stort snøfall/ mykje snøtransport vil SH laget lage eit skredproblem. • 2 Moderat • Varslet faregrad er riktig
Notater
• I øverste 5 cm fann me eit ståande SH lag under eit tynt (0,5cm) lag med nysnø. Dette kan bli eit problem dersom SH får stå upåverka og det kjem meir nysnø oppå. Enn so lenge er dette kun eit problem i få heng der SH er blitt nedføyka av fokksnø.
Kantkorn under skare er eit meir utbredt og vedvarende svakt lag som kan utgjere ein skredfare over eit større område. Men laget treng ein ekstern påverkningskraft for å løysast ut (eks masse nedbør eller tung vekt).
Anbefalar at de får inn: nedføyka overflaterim som eit alternativ på skredproblem. No kan ein kun velgje mellom nedsnødd overflaterim eller nedføyka nysnø.