Snøskredvarsel for region Trollheimen lørdag 03.04.2021

Faregrad 2 - Moderat snøskredfare

Publisert:

Vind og litt snø gir fersk fokksnø i leformasjonar. Skred er lettast å løyse ut der fokksnøflaka er tynne eller mjuke.

Skredfarevurdering

Litt nysnø og liten kuling frå vest vil danne nye fokksnøflak i enkelte leformasjonar. Område der det ligg laus snø frå før er spesielt utsett. Høgt til fjells kan det i enkelte heng framleis finnast svakt lag av kantkorn djupt i snødekket. Det er usikkert kor stort problem dette er, men skred som lausnar på slik lag kan bli store.

Skredproblem

Fokksnø (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Råd

Snødekkehistorikk

Det har kome om lag 15 cm nysnø den siste veka fordelt på fleire små snøfall. Det er stor variasjon i dei totale snømengdene. Varmen tidlegare i veka tæra på snødekket rundt stein og rabbar, mens det i leheng ligg store mengder innføyka fokksnø. Opp til ca. 1000 moh kan ein finne godt skiføre etter nysnø den siste veka. Lenger oppe finst meir vindpåverka snø, med både hard fokksnø og avblåst skare.

Over 1100 moh. kan kantkorn rundt skarelag i snødekket framleis vere eit problem i nokre heng. Der fersk snø har blåst bort, ligg slike lag høgt i snøpakka. Veksling mellom våt og tørr snø dei siste dagane, kan også ha danna nye kantkornlag nær overflata.

Onsdag morgon gjekk eit skiløparutløyst flakskred ved Trolltinden (1347 moh) i Sunndal. Same dag vart det rapportert om eit fersk skred ved Storbekkhøa (1504 moh) i Oppdal.

Fredag morgon var det på Storhornet (1550 moh) i Oppdal -8 °C og sterk kuling frå nordvest. Det kom inntil 15 cm nysnø høgt til fjells i dei siste tre dagane.

Fjellvær, 02.04.2021

6 mm i døgnet, opp mot 15 mm i mest utsatt område. Stiv kuling fra nordvest. -9 °C til -4 °C på 1400 moh. Skyet.

Fjellvær, 03.04.2021

2-5 mm nedbør i døgnet. Liten kuling fra vest. -8 °C til -1 °C på 1400 moh. Delvis skyet.

Forklaring til snøskredvarselet Skriv ut varselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS