Snøskredvarsel for region Trollheimen fredag 02.04.2021

Faregrad 2 - Moderat snøskredfare

Publisert:

Vind og litt snø gir fersk fokksnø i leformasjonar. Skred er lettast å løyse ut der fokksnøflaka er tynne eller mjuke.

Skredfarevurdering

Litt nysnø og aukande vind til stiv kuling frå nordvest vil danne nye fokksnøflak i søraustvendte leformasjonar. Område der det ligg laus snø frå før er spesielt utsett. Høgt til fjells kan det i enkelte heng framleis finnast svakt lag av kantkorn djupt i snødekket. Det er usikkert kor stort problem dette er, men skred som lausnar på slik lag kan bli store.

Skredproblem

Fokksnø (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Råd

Snødekkehistorikk

Det er stor variasjon i snømengde i terrenget. Varmen tidlegare i veka har tæra på snødekket rundt stein og rabbar, mens det i leheng ligg store mengder innføyka fokksnø. Opp til ca. 1000 moh kan ein finne godt skiføre. Lenger oppe finst meir vindpåverka snø, med både hard fokksnø og avblåst skare.

Over 1100 moh. kan kantkorn rundt skarelag i snødekket framleis vere eit problem i nokre heng.

Onsdag morgon gjekk eit skiløparutløyst flakskred ved Trolltinden (1347 moh) i Sunndal. Same dag vart det rapportert om eit fersk skred ved Storbekkhøa (1504 moh) i Oppdal.

Torsdag morgon var det på Storhornet (1550 moh) i Oppdal -8 °C og frisk bris frå nordvest. Det kom inntil 10 cm nysnø høgt til fjells i regionen tysdag-onsdag.

Fjellvær, 01.04.2021

4-8 mm nedbør i døgnet. Bris fra nordvest, endring til liten kuling fra vest om ettermiddagen. -8 °C til -3 °C på 1400 moh. Delvis skyet. Mest nedbør i ytre strøk

Fjellvær, 02.04.2021

6 mm i døgnet, opp mot 15 mm i mest utsatt område. Stiv kuling fra nordvest. -9 °C til -4 °C på 1400 moh. Skyet.

Forklaring til snøskredvarselet Skriv ut varselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS