Snøskredvarsel for region Indre Troms søndag 22.05.2022

Faregrad 2 - Moderat snøskredfare

Publisert:

Det kan gå skred i bratte fjellsider med våt snø, og i enkelte delar av regionen kan det finnast vedvarande svake lag. Hald avstand til skavlar.

Skredfarevurdering

Skredfara vil variere gjennom døgnet og vere avhengig av kor mykje sol det blir. Skred kan vere lette å løyse ut eller gå av seg sjølv i bratte fjellsider der snøen er våt, og sannsynet er størst utover dagen der det er mest sol. Det er venta mest laussnøskred, men flakskred kan førekomme. Høgt til fjells kan det framleis finnast eldre vedvarende svake lag, og nye kan ha danna seg under snøen frå tidlegare i veka. Desse er truleg vanskeleg for ein person å påverke, men om skred går på slike lag kan dei bli store. Hald god avstand til skavlar.

Skredproblem

Våt snø (løssnøskred)

Skred kan løsne av seg selv i noen få bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Vedvarende svakt lag (flakskred)

Du kan løse ut skred i noen få bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave en bil eller ødelegge et lite hus (str 3). Fjernutløsing er mulig.

Råd

Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.

Snødekkehistorikk

Det er i hovudsak eit vårleg snødekke, der snøoverflata består av smelteomvandla snø. Under mildvêrsgrensa og der sola tek utover dagen vil det vere våt snø. Over mildvêrsgrensa der det ikkje er sol vil det vere skare, og i enkelte skuggefulle heng høgt til fjells kan det vere tørr vindpåverka snø.

Rundt skare frå 23. april har det vore svake lag av kantkorn. Mange stadar ligg dette djupt eller har blitt fukta av mildvêret. Laget er difor vanskeleg å påverke, men kan ha ført til eit stort skred tidlegare i veka. Dette gjekk før onsdag sør for Nordkjosbotn.

Det har også gått mange mindre våte skred i regionen den siste veka, flest laussnøskred men også nokre flakskred.

Snøgrensa stig og under ca. 150 moh er det lite snø.

Fjellvær, 21.05.2022

Ingen nedbør av betydning. Bris fra sørvest. 0 °C til 6 °C på 1100 moh. Delvis skyet.

Fjellvær, 22.05.2022

Ingen nedbør av betydning. Bris fra sørvest. -2 °C til 6 °C på 1100 moh. Delvis skyet.

Forklaring til snøskredvarselet Skriv ut varselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS