Skredaktivitet
• 6. feb. I løpet av dagen • Ingen skredaktivitet • Ser antydning til eldre skred, stort sett str 1 i bratte vestvendte sider. Truleg gått ila helga. Antydning til str 2, men flatt lys og fuktig snø over, så vanskelig å klassifisere på avstand. Ikkje noko ferskt.
Vær
• Yr • 1,5 °C • 1 m/s fra S ↑ • 100% skyer • I skrivande stund yrar det litt. Liten trekk frå sør-sørvest, men ingenting av betydning. Det skal ganske mykje vind til for å frese opp det fuktige snødekket.
Snødekke
• Ikke snøfokk • Våt løssnø • Greit • Som førre obs, men litt fastare snøpakke på 900 moh.
Tester
• ECTN17@37cm(Q3) • God • Løsner også i overgang til underliggande islag ved middels kraft med spaden bak blokka. Om eg dreg til litt meir løsner det i relativt tjukt lag av FCxr mellom to islag. Det ligger godt beskytta, iallfall lokalt.
Snøprofil
• NV • 20° • Ca 105 cm totalt. Smelteformer ned mot bakken. • Vedvarende svakt lag: under flak • 7 temperaturpunkter observert
Skredproblem
• Tørre flakskred • Nedføyket svakt lag med nysnø • Innen en halv meter • Det overliggende laget er mykt. Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Vanskelig å løse ut • 2 - Middels • Noen bratte heng N, NØ, V, NV over 900 moh • Det har tilsynelatende stabilisert seg bra lokalt, men eg vil anta at det framleis kan vere mogleg å løyse ut skred i utsatte formasjonar i høgda. Tendenserar, lokalt, truleg til "få" heng, men kanskje "noen" heng er meir passende regionalt. Kan vere litt obs om ein får mykje nedbør ifm av regn. Snøpakken kviler på glatt skare/islag, og dei ulike laga har etterkvart bunde seg godt saman. Om det kjem mykje nedbør kan ein få våte flakskred frå ca 900 og ned. Kanskje str 3, men det er avhengig av relativt mykje nedbør. Det har vore litt varierande vindretning, så det kan vere at fokksnø har fått etablert seg i fleire himmelretning enn innmeldt av meg, men eg vil anta at det har relativt lik status. Tenker 900 moh og opp regionalt sett for dette skredproblemet pga litt lågare mildværsgrense, per no, i indre del. Lokalt vil nok grensa gå høgare.
Skredfarevurdering
• Ver obs i terreng med fersk fokksnø. Det kan framleis vere mogleg å løyse ut skred, spesielt i høgareliggande terreng og i utsatte formasjonar der snødekket er tynt. • Situasjonen avhengig av kor mykje nedbør som kjem inn og kor høgt mildvêrsgrensa vil gå neste døgn. Med omsyn til tørre flakskred som følgje av vindtransportert snø, så er det per no, for ytre del, våt overflate opp til ca 1000 moh - mtp grense for fokksnø som skredproblem. Kanskje litt lågare I indre strøk. Kanskje tørre skredproblem over 900/1000 og våte skredproblem/laussnøskred/flak under 900 moh kan vere eit aktuelt scenario.
Basert på værprognosane så kan det vere fornuftig å auke faregraden for i morgon, tysdag, til FG3, men det er heilt avhengig av om været slår til med regn og vind i høgda. Av det eg kan sjå så endrar værprognosane seg. Per no så vil det hissigaste været kome inn seint onsdag og utover torsdag - frå sørlig retning. Usikker situasjon enn så lenge det er litt usikre prognosar. • 2 Moderat
Notater
• Registrerte ikkje ved.svake lag utover kant mellom dei to islaga. Ingen spor etter rim lokalt. Det kan ha danna seg rim i overflata torsdag/fredag førre veke, men ved evt. danning så har disse kvilt på ein tjukt lag av nysnø i vest-sør-austlig sektor. Truleg også nord. I indre strøk så fall det rundt 40 cm nysnø natt til førre fredag. Torsdag var det også relativt mykje ubunden snø/mjuke fokksnøflak, men det kan ha danna seg rim over tynnare snødekke i høgda - og som igjen kan ha snøa ned under det relativt store snøfallet natt til fredag. Om det er tilfellet så kan det vere aktuelt i få heng i høgda. Men dette vert spekulasjonar. Regionen er langstrakt, så ein skal ikkje sjå vekk frå ein del lokale variasjonar.
Skal ha det litt i mente på neste obstur i aktuelt terreng.