Faretegn
• Mye vann i snøen • Område: Generelt på fjellet
Skredaktivitet
• 23. apr. I løpet av dagen • Våte løssnøskred • Ett (1). 2 - Middels. Naturlig utløst • Få bratte heng. N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV. Over 600 moh • Observerte og så mange str. 1.
Vær
• Ikke nedbør • 4 m/s fra Ø ← • 10% skyer • Varmt. Tilsvarende vêrtype som siste tid.
Snødekke
• 250 cm • Ikke snøfokk • Snøgrense på 600 moh • Våt løssnø • Våt • Relativt fuktig snødekke frå morgonen av. Det har nok vore litt mildare vêr og følgjeleg har ikkje skaren fått etablert seg i like stor grad. Lågare nattetemp komande dagar vil nok i større grad gi attfrysing om natta.
Særs vårlige forhold. Sola har jobba seg godt ned i snøpakken og omvandla/held på å omvandle djupare skarelag. Vi vil nok ha restar av skare og kantproblematikk i skjerma formasjonar mot nord, der sola ikkje har fått jobba så mykje.
Tester
• ECTX • God • Mot aust-sør-sørvest, men kan overførast til alle himmelretningar utanom nord. Sjå notis under Skredfarevurdering. Kantkorn ser ut til å vere så omdanna at dei har mista futten - altså ikkje eit skredproblem lengre. Får ikkje utslag på test, og obs gjennom lupe at det er tilnærma ikkje-eksisterande kant att. Bryter laus blokka med spaden og får då brot over to skarelag nede i snødekket, men disse ser også ut til å verte spist opp av varmen. Mykje tyder på at det smeltar ned, så sant vi ikkje får tilstrekkelig mengde regn som fører til forbigåande ustabilitet.
Snøprofil
• SØ • 15° • Legg inn seinare. Sterkt smeltepåvirka. -0,4/Isotermt gjennom øvste 70-80 cm. • 6 Lagdeling • 5 temperaturpunkter observert
Skredproblem
• Våte løssnøskred • Ubunden snø • Naturlig utløst • 2 - Middels • Noen bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV over 600 moh • Mest truleg str. 1, men det vil også vere mogleg med str 2 nat.utløyste.
Skredfarevurdering
• Skredfaren er knytt til tida på døgnet. Lågast om morgonen, aukande i solsidene utover dagen. Ver merksam på at sjølv små skred kan gi store konsekvenser i eksponert terreng. Ver obs på skavlar. • Relativt lik situasjon næraste dagane. Lågare temp på natt vil nok gi meir stabil forhold tidleg på dag. • 2 Moderat • Det kan nok henge att kantkorn i skjerma, skyggelagte formasjonar mot nord, men eg vil anta at disse også er sterkt påvirka av temp. Mogleg det kan ligge at lommer i høgda: over 1100-1200 moh, men dei vil nok også ha variabelt potensiale. Må vurdere om det skal ligge som skredproblem, eller om det held at det nevnes i tekst. Eg tenker at det inntil vidare kan nevnes, men ikkje stå som eige skredproblem. Det skal nok ein del til for å trigge evt nordvendte problem.
Avhengig av vær så kan ein få ein situasjon frametter der snødekket smelte gradvis ned utan dei heilt store utropsteikna. Skarelaga som ligg nede i dekket kjem til å verte gradvis brote ned med dagtemp slik vêret er meldt frametter. Får vi regn, vil vi sjølvsagt få forbigåande høgare skredfare. Vi går gradvis mot FG1, og ein del terreng er allereie FG1.