Hopp til hovedinnhold

Varsom-appen kan lastes ned i App Store eller Google Play

Les mer om hvordan du kan lese og registrere observasjoner på Regobs | Varsom.no.

Viktig informasjon til turister | Varsom.no

Kart i Varsom appen

Kartsida i Varsom appen er lik for alle naturfarer, men når du velger forskjellege naturfarar får du tilgong til forskjellege støttekart. Det er også mogeleg å laste ned Norgeskartet til telefon for bruk utanfor dekning. Kart kan også visast i høgare oppløysing på nokre telefonar.

Kartlag i Varsom appen og Regobs

I app kan du velje mellom fire ulike kart.

  • Norgeskart dekker Norge og Svalbard.
  • Geodata Landskap
  • ESRI World Topo map og
  • Open Topo map

Dei to siste er begge er globale. Norgeskartet er det kartet dei fleste likar best for bruk i Norge. Dette er også det kartet som liknar mest på norske papirkart. Viss du er på tur i grensetraktene bør du bruke kombinasjonen av norgeskart og eit globalt kart. I app har me satt som standardval at du vil bruke Norgeskart+ESRI World Topo. Viss du er i eit område som er dekka av Norgeskartet vil ikkje appen laste ned ESRI-kart slik at du unngår unødig bruk av minne og datatrafikk. Dei globale karta kan også vere ein eksra tryggleik viss det er problem med lasting av Norgeskart frå Kartverket.

Regobs.no brukar kombinasjonen av Norgeskart og ESRI World Topo.

Viss du er i grenseområda vil app'en laste begge dei valgte karta og legge Norgeskartet fremst slik at du får sjå Norgeskartet der det finst.

ESRI kartet har jevnt over lik detaljgrad over heile kartet og har duse fargar utan store kontrastar.

Open Topo kartet har ein sterk kontrast som kan vere vanskeleg i kombinasjon med støttekart. Det er dessutan eit resultat av frivillige bidrag. Detaljgraden kan difor variere frå stad til stad og enkelt stader kan du også oppleve «hol» i kartgrunnlaget. I bruk utan støttekart og i område der kartgrunnlaget er godt vil dette gje god lesbarheit.

Geodata Landskap er eit alternativ til Norgeskart frå Kartverket, og kan i enkelte tilfeller laste raskare ned til telefonen din. Med Geodatakartet fungerar dessverre ikkje lågaste zoomnivå i appen ved bruk av høgoppløyste kart, og Svalbard er ikkje dekka.

Støttekarta (brattheitskart, kart over svekka is osv.) er kun tilgjengelege i Norge.

Offlinekart i app

Under innstillinga "offlinekart" kan du velje og laste ned kartpakker over fastlands Norge til bruk utanfor dekning.

Kartpakkene inneheld også støttekart over hellning og utløpspmråder for snøskred i tillegg til kart over svekka is.

Det er lurt å laste ned kartpakker medan du er i god dekning.

I rutenettvisninga ser du dei kartpakkene du har nedlasta som fargekart. Her kan du også trykke på tidlegare nedlasta kartpakker for å slette dei frå telefonen din.

På nedlastingsskjermen står det kor store dei forskjellege kartpakkene er.

Høgoppløyselege kart i app

Viss du skrur på høgoppløyselege kart (under avanserte innstillingar) vil kartet framstå som rikare på detaljar viss du har ein telefon med god oppløysing på skjermen.

Det som skjer er at du vil få inn informasjon frå fire kartblad inn på eitt. Det er kun anbafallt å gjere dette viss skjermen din har høg oppløysing, og du har god dekning sidan det er meir informasjon som skal lastast ned.

Det vil altså bli lasta ned og lagra fleire kartblad på telefonen din når du brukar denne funksjonen. Appen vil då bruke meir ressursar (og dermed meir batteri). Det vil også bli meir data som skal overførast så viss du har dårleg dekning kan det vere lurt å skru funksjonen av.

Støttekart i Varsom appen og Regobs.no