Snøskredulykker vinteren 2019/2020

Publisert:

Vinteren 2019/2020 har 3 personar mista livet i ulykker i samband med snøskred i Noreg. Ulykkene er fordelt over 2 hendingar, i den eine ulykka var det to omkomne. 

Skredtunga -Vått flakskred. Foto: Redningsmannskapet.

Vinteren 2019/2020 omkom det 3 personar i snøskred i Norge. Dette var vesentleg mindre enn fjoråret, då 13 personar omkom. Ulykkene er fordelt over 2 hendingar, i den eine ulykka var det to omkomne, 2 omkom på skutertur, og 1 på skitur. Dei 2 på skutertur var utlendingar og den omkomne på topptur var nordmann.

Færre utlendingar på grunn av koronanedstigninga

Ferdselen i norske fjell vart endra etter nedstenginga av landet den 12. mars, som følgje av koronapandemien. Dette gjorde nok at det var færre utlendingar på tur enn vanleg. I alle fall var det færre eller så godt som ingen utlendingar på fritidsreiser i Noreg etter den 12. mars og ut vintersesongen.

Nordmenn aktive i fjella

Også nordmenn hadde avgrensa løyve til å reise rundt i landet i mars og april. Mars og april er vanlegvis dei månadane som har flest skredulykker. Likevel har me hatt fleire registrerte skredtekne vinteren 2019/2020 enn førre vinter, og me har også hatt fleire registreringar på Regobs totalt, noko som tyder på at aktiviteten av nordmenn i fjella ikkje har vore mindre enn vanleg. Men viss ein tek utgangspunkt i at folk har fylgt myndigheitene sine reiseråd så har dei fleste gått skiturane sine i kommunen dei er busett.

Les hele rapporten Snøskredulykker 2019/2020

 

Ulykkesrapporter

20. februar – Fridtjovbreen Marcussenfjellet, Svalbard

Skuterfølgje med 5 gjester og 2 guidar køyrde med brefronten til Fridtjovbreen som mål og ble råka av skred. Då skredet stoppa var to personar heilt begravd, to var delvis begravd og 2 personar var i skredet utan å vere begravd, medan ein var utanfor skredmassane. Dei to begravde vart funne ved hjelp av søkestenger, men omkom. 

 Les ulykkesrapporten fra Fridtjofbreen-Marcussenfjellet, Spitsbergen, Svalbard 20.februar 2020.

24. mai – Gråfonnfjellet, Romsdalen

Tre skikøyrarar skal køyre ned ei sørvendt renne frå Gråfonnfjellet. Dei har studert ruta nøye, og har følgt med skredvarsel og snøtilhøve i fjellet dei siste dagane. Dei vurderer smelteomdanninga i snødekket til å vere komen lengst i sørvendte fjellsider. Skikøyrar 1 køyrer eit stykke ned i renna og stoppar under ein hammar. Då skikøyrar 2 køyrer nedover løyser han ut eit flakskred. Han klarar å ta seg ut av skredet, men skredmassane råkar skikøyrar 1 som vert ført med skredet i over 600 høgdemeter nedover og omkjem. 

Les ulykkesrapporten fra Gråfonn, 24. mai 2020.

Tlf: 488 80 100 (ikke sms)

07.00-20.00 alle dager