Hopp til hovedinnhold

Varsom-appen kan lastes ned i App Store eller Google Play

Les mer om hvordan du kan lese og registrere observasjoner på Regobs | Varsom.no.

Viktig informasjon til turister | Varsom.no

Varsel om jord-, sørpe- og flaumskredfare, gult nivå for Vestlandet og delar av Innlandet

2

Gult nivå

Publisert: Gyldig: fra 07.01.2020 07:00 til 08.01.2020 06:59
Neste varsel før:
  • Fare pågår: Tirsdag kveld 7. jan. 2020
  • Fare minker: Onsdag kveld 8. jan. 2020
  • Høyde: 0 - 1500 moh

Konsekvens

Det er venta nokre skredhendingar. Enkelte store hendingar kan skje. Utsette bane- og vegstrekke kan bli stengt. Jordskred: Utglidingar og rask rørsle av vassmetta jord i bratte skråningar. Flaumskred: Ein flaum av vatn, jord og stein i bratte bekkeløp. Mykje vatn i bratt terreng som kan føra til bekkeløpsendring. Sørpeskred: Ein straum av vassmetta snø. Denne skredtypen losnar i slakt terreng og følgjer deretter bekkeløp og bratte skråningar.

Råd

Hald deg oppdatert om utviklinga av vêret, skred- og flaumsituasjonen, og føl vêrradaren. Hald deg unna bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring. Hald stikkrenner, kummar og andre vassvegar fri for snø/is, grus, boss, kvist og lauv. Tette vassvegar med oppdemma vatn kan forårsaka skred.

Beskrivelse

Grunnvasstanden og vassmettingsgraden i bakken er svært høge. Bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsette. Fare for utløysing av sørpeskred gjeld særleg i område med meir enn 40 cm snø. Snøen er enkelte stader metta med vatn. Sørpeskred kan losna i relativt slake hellingar der vatn samlar seg opp. Skreda vert ofte kanalisert ned forsenkingar og bekkeløp og kan då utvikla seg til flaumskred. Flaumskred har lang rekkevidde og kan gå ned i dalbotnen sjølv om det losnar høgt i terrenget.

Sanntidsdata

Vannøringsverdier

Regn og snøsmelting

Jordskredindeks (modell)

Aktsomhetsnivå
Abonner på varsler