Fjellskredvarsel for Veslemannen mandag 02.09.2019

Kveldsrapport raudt farenivå for Veslemannen (NVE)

Publisert: 02.09.2019 17:58 Varselet er utgått, gå til aktivt varsel

Framleis høg hastigheit

Vurdering

Veslemannen er ein liten, men svært aktiv del av fjellpartiet Mannen. Farenivået for fjellpartiet har vore raudt sidan fredag 30.08, då hastigheita i fjellpartiet auka. Sidan har bevegelsane vore store og auka ytlegare i perioder, særleg i midtre og nedre del. Hastigheitene er no opptil 24 cm/døgn i øvre del, ca. 16 cm/døgn i midtre del, og ca. 10 cm/døgn i nedre del. Det er mindre hastigheitskilnad i ulike delar av fjellpartiet no enn føregåande år. Sivilforsvaret sin lyttepost har ikkje registrert steinsprang i føremiddag. Sidan det er så store bevegelsar opprettheld NVE raudt farenivå. Det er meldt fare for litt regn i morgon tysdag, men litt større mengder onsdag og torsdag. Når det er raudt farenivå blir det publisert to rapporter om dagen, ca. klokka 09 og ca. klokka 18, på www.varsom.no/fjellskredovervaking/varsel/veslemannen/. Les meir om Mannen og Veslemannen på www.nve.no/flaum-og-skred/fjellskredovervaking/mannen NVE sin pressetelefon: 489 97 667 (ikkje SMS)

Instruks

Du bruker informasjonen på eget ansvar. NVE tar forbehold om at det kan forekomme trykkfeil og mangler. NVEs vurdering av farenivå er basert på tilgjengelige måledata, observasjoner, meteorologiske data og gjelder for hvert høyrisikoobjekt. Du tilpasser egen risiko i utsatte områder ved å velge når, hvor og hvordan du ferdes.

Se dagsrapporten her (pdf)

Oversiktskart

Bevegelser

Målinger Siste døgn Sist uke Sist måned
Radar pkt 1 (øvre del) (mm) 131 793 2518
Radar pkt 6 (nedre del) (mm) 91 439 931

Meteorologiske data

Målinger Avlesning Siste døgn Sist uke
Temperatur (°C) 6
Nedbør (mm) 2 7
Plassering av radarpunkt.

Plassering av radarpunkt.

Bevegelse i punkt den siste veka. Det var ei tydeleg auke i hastigheit fredag.

Bevegelse i punkt den siste veka. Det var ei tydeleg auke i hastigheit fredag.

År Uke Oppsummering Rapport