Fjellskredvarsel for Veslemannen onsdag 28.08.2019

Varsel om oransje farenivå for Veslemannen (NVE)

Publisert: 28.08.2019 14:16 Varselet er utgått, gå til aktivt varsel

Auka bevegelsar er forventa som følgje av regn.

Vurdering

Veslemannen er ein liten, men svært aktiv del av fjellpartiet Mannen. Dei siste dagane har hastigheita på Veslemannen vore uendra, men høg (opptil 11 cm/døgn). Det har også vore stor steinsprangaktivitet og fjellpartiet har raskt fått høgare hastigheit når det regnar. Dette tyder på at stabiliteten i fjellet er dårleg. Frå i morgon tidleg er det meldt regn og det er forventa at dette vil gi auka bevegelse på Veslemannen. NVE hever difor farenivået til oransje. Grunna den dårlege stabiliteten og raske responsen på nedbør kan ytlegare heving av farenivået skje raskt. Når det er oransje farenivå blir det dagleg publisert to rapportar, ein ca. klokka 09 og ein ca. klokka 18 på www.varsom.no/fjellskredovervaking/varsel/veslemannen/. Det blir ikkje publisert kveldrapport i dag. Les meir om Mannen og Veslemannen på www.nve.no/flaum-og-skred/fjellskredovervaking/mannen NVE sin pressetelefon: 489 97 667 (ikkje SMS)

Instruks

Du bruker informasjonen på eget ansvar. NVE tar forbehold om at det kan forekomme trykkfeil og mangler. NVEs vurdering av farenivå er basert på tilgjengelige måledata, observasjoner, meteorologiske data og gjelder for hvert høyrisikoobjekt. Du tilpasser egen risiko i utsatte områder ved å velge når, hvor og hvordan du ferdes.

Se dagsrapporten her (pdf)

Oversiktskart

Bevegelser

Målinger Siste døgn Sist uke Sist måned
Radar pkt 1 (øvre del) (mm) 79 557 2133
Radar pkt 6 (nedre del) (mm) 36 218 602

Meteorologiske data

Målinger Avlesning Siste døgn
Temperatur (°C) 16
Nedbør (mm) 0
Plassering av radarpunkt.

Plassering av radarpunkt.

Bevegelse i utvalgte punkt den siste veka.

Bevegelse i utvalgte punkt den siste veka.

År Uke Oppsummering Rapport