Image 1 of 6 Of:  Weather Copyright:  CatoLeganger@obskorps Comment:  Snøbygene kjem rullande inn frå vest-sørvest.
Image 2 of 6 Of:  Danger Sign Copyright:  CatoLeganger@obskorps Comment:  Mot vest. 600 moh. Føykar godt.
Image 3 of 6 Of:  Snow Cover Copyright:  CatoLeganger@obskorps Comment:  Ikkje heilt prima skiføre, men greit. Mildværet har tært mykje på snødekket, spesielt på fjordnære fjell.
Image 4 of 6 Of:  Snow Cover Copyright:  CatoLeganger@obskorps Comment:  Vind frå sørvest-dreiande frå vest. Føyka godt. Skia seig ca 3-4 cm ned, gjennom tørrsnø og underliggande brytande skare (fuktig).
Image 5 of 6 Of:  Snow Cover Copyright:  CatoLeganger@obskorps Comment:  3 cm nysnø over fuktig snø under skoggrensa. Mot vest. Skistaven gjekk relativt lett 15-20 cm ned i snødekket. Våt smelteomvandla snø under lag av tørrsnø og skare.
Image 6 of 6 Of:  Snow Cover Copyright:  CatoLeganger@obskorps Comment:  Lite skarelag under den vindtransporterte snøen. Også innslag av hagl øvst.
Danger Sign
• Recent snowdrift • Område: I dalen/fjorden. Beskrivelse: . Skildring: Vind frå sørvest. Moderat til kraftig snøfokk. Litt begrensa mengde snø tilgjengeleg for vindtransport på denne høgda, men det har stadvis bygd seg opp mindre flak; ca 15-20 cm 1F mot nord og dels tilgrensande sektor; nordaust. Gunstig temp for stabilisering.
Weather
• Snow • -2 °C • 11 m/s from SW ↗ • 100% clouds • Mildvær i går. Overgang til kaldare værtype i dag. Kraftig vind frå vest-sørvest frå i går ettermiddag og utover dagen i dag. Snøbyger over ca 500-600 moh.
Litt stigande temp på returen.
Snow Cover
• 70 cm • Heavy snow drift • 8 cm • Elevation of new snow 500 masl. Snow line at 500 masl. Layered snow begins at 600 masl • Some loose snow (1-10cm) • Dry • Ok • Varierende mengde snø i terrenget etter mildværet. Det fuktige snødekket frå i går er delvis (p-k) attfrose i overflata (2-3 cm), frå ca 600 moh/brytande skare. Våt (1F-4F) smelteomvandla snø under skare, iallefall opp til ca 900 moh. Pålagring av vindtransportert snø mot nord og nordaust-aust i skrivande stund. Varierande vindretning. Flaka har bunde seg relativt godt til den underliggende fuktige skaren, opp til ca 900 moh. Mogleg meir ustabilt høgare oppe/indre del av regionen.
Mindre leformasjonar har samla ein del vindtransportert snø, noko som kan indikere at større heng i høgda har samla meir. I skrivande stund er det gunstige temp for stabilisering, men pågåande transport vil oppretthalde problemet ei stund.
På ryggar/der vinden har fått tak er det stadvis avblåst til nedpå lyng, skare og stein.
Nysnø i kombinasjon med vind i skrivande stund.
Snow Profile
• NE • 20° • 6 Stratigraphy layers • 6 temperature points observed
Avalanche Problems
• Dry slab avalanche • Poor bonding between crust and overlying snow • Within half a meter • The overlying slab is soft. A big and identifiable crystal in the weak layer. • Easy to trigger • 3 - Large • Few steep slopes N, NE, E above 800 masl • Lokalt vil eg anta str 3 skred i få heng ( I høgda over ca 1000-1100 moh) medan det verste av vær står på (gunstig temp for stabilisering i skrivande stund). Kanskje mest aktuelt med str 2 i nokre heng, men pga temp så stabiliserer det seg raskt. Relativt gunstig forhold for binding mot underliggande skarelag, men eg vil også anta rask stabilisering over nedføyka nysnø/dårlig binding innad i fokksnøen. Mogleg meir potent der fokksnø kviler på nedføyka nysnø, men lokalt har nysnøen under 1100 moh kome i kombinasjon med vind.
Regionalt er det nok aktuelt med str 3 i nokre heng, potensielt få heng, men det vert spekulering frå mi side. Tenker lett å løyse ut medan været står på, men det går relativt raskt frå lett å løyse ut til tendens til vanskeleg å løyse ut. Vil anta at det kan gå naturlig utløyste skred,spesielt i kjente og definerte skredlaup.
• Loose wet avalanche • Loose snow • Easy to trigger • 1 - Small • Few steep slopes N, NE, E, SE, S, SW, W, NW below 700 masl • Varierende mengde snø under denne høgda i regionen. Frå i morgon ettermiddag vil truleg grensa for våte laussnøskred gå på rundt 1000-1100 moh og ned. Då kan vi få naturlig utløyste skred av str 2. Utbreiing kan diskuteres, men mogleg nokre heng er tilstrekkelig. Kanskje mange, men det er veldig avhengig av kor høgt mildvêrsgrensa kjem til å gå.
Avalanche Danger Assessment
• Ver varsom i formasjonar som har samla fersk fokksnø. Skred kan vere lett å løyse ut, og skreda kan verte store nok til å begrave deg. • Ny runde med mildvær ila fredag ettermiddag vil truleg aktualisere våte skredproblem under ca 1000+ moh.
Det kan potensielt kome mykje nedbør neste 24-48 timar. Tim dels kraftig vind, spesielt i dag og komande natt. Vest-nordvest. Dreiande vindretning fredag ettermiddag, sørvest i kombinasjon med litt stigande temp. Summen av dette gir ein dels kompleks situasjon inn mot helga, med både våte og tørre skredproblem. Vi ligg nok på ein FG3 for regionen, trass i at det ervein del variasjon. • 3 Considerable