Image 1 of 8 Of:  Avalanche Activity Copyright:  Ingrid@NVE Comment:  To flakskred, som er rapportert tidlegare. Eit stort og eit lite.
Image 2 of 8 Of:  Avalanche Activity Copyright:  Ingrid@NVE Comment:  Nedføyka brotkant.
Image 3 of 8 Of:  Avalanche Activity Copyright:  Ingrid@NVE Comment:  Fleire brotkantar og ferske skispor på langnestind.
Image 4 of 8 Of:  Avalanche Activity Copyright:  Ingrid@NVE Comment:  Mindre skred.
Image 5 of 8 Of:  Avalanche Activity Copyright:  Ingrid@NVE Comment:  Skred
Image 6 of 8 Of:  Weather Copyright:  Ingrid@NVE Comment:  Fint vær.
Image 7 of 8 Of:  Snow Cover Copyright:  Ingrid@NVE Comment:  Mykje ubunden snø.
Image 8 of 8 Of:  Snow Cover Copyright:  Ingrid@NVE Comment:  Meir vindpåverka snø på Sylvkallen og Dalgubben.
Danger Sign
• No signs observed • Område: I denne fjellsida
Avalanche Activity
• 8. Jan. During the day (+01:00) • No avalanche activity • Det er ingen ferske skred, men ein del eldre. Det er brotkantar fleire stadar og i dei fleste himmelretningar. Dei har føyka litt ned. Må ha gått under eller etter snøværet onsdag. Storleiken varierar frå liten til stor.
Eg er litt usikker på om det berre har gått i vindpåverka snø, sidan det finnast i alle himmelretningar..
Weather
• No precipitation • -6 °C • from E ← • 5% clouds • Tysdag og onsdag kom det ca. 30 cm nysnø med vind frå nv. Sidan har det vore klarvær eller skya. I dag er det klart og kaldt. Det er inversjon og store lokale skilnadar. -11 på dalbotnane som i åmdalen og follstaddalen, -6 på standalseidet, -2 i volda.
Snow Cover
• No snowdrift • 0 cm • Elevation of new snow 0 masl. Snow line at 0 masl • Surface hoar on a soft surface • Dry • Det er ikkje så mykje snø for årstida, men den er fin den som er. I denne fjellsida er snøoverflata av mykje ubunden snø, med rim på overflata. Under den lause snøen er det stadvis meir vindpåverka snø, men den sprekk ikkje opp. Det som verre er, er at det mellom to skarelag har begynt å bli kantkorn. Det varierar ein del kor godt utvikla dei er og kor djupt dei ligg. Dei er nok både best utvikla og lettast å påverke der det er tynnare snødekke som på hauar og ryggar. Mange stadar er dei nok ganske vanskeleg å påverke, då dei ligg under hardare snø og kanskje ikkje er like godt utvikla. Det finnast iallefall mellom ca. 800 og 1150 moh, kanskje i eit større høgdeintervall også. Kanskje har skred gått på slike, sidan dei finnast i alle himmelretningar, men det er eg usikker på. Bratt skikøyring går tydelegvis bra i nokre fjellsider.
På nabofjell er snøen meir vindpåverka.
Avalanche Danger Assessment
• Fokksnø har nok stabilisert seg relativt godt mange stadar. Vedvarande svake lag av kantkorn er under utvikling, og skred kan moglegens løysast ut på dei enkelte stadar.