Avalanche Activity
• 26. Jan. During the day (+01:00) • No avalanche activity • Eg hadde håp om å få eit lite vêrvindu mtp å få utsikt til høgareliggande (1500 moh) indikatorheng for skredaktivitet, men skodde gjorde det umogleg å sjå noko.
Weather
• Snow • -1 °C • 8 m/s from SW ↗ • 100% clouds • Det har vore ein del byger av varierende intensitet i dag. Som snø over sirka 600 moh. +0.5 grader på 650 moh, så tilsynelatende litt stigande temp i skrivande stund, kl.: 16.00. Ein del vind i høgda. Truleg moderat til kraftig snøfokk deler av dagen. Registrerte at det blåste kraftig i røldalstraktene i føremiddag.
Snow Cover
• Moderate snow drift • 10 cm • Elevation of new snow 700 masl • Some loose snow (1-10cm) • Dry • Det er varierande mengde snø i regionen. Ein større del av regionen er snøfattig og dei innmeldte grensene og snømengdene vil ikkje nødvendigvis vere representativt. Meir snø i indre del, rundt Håradalen, enn ytre del rundt Rosendal.
Førre snøfall kom i kombinasjon med vind frå NV. Det har ført til at det ligg ein del snø i leformasjonar mot SØ, spesielt i indre del og over 8-900 moh. Det har også samla seg ein del snø i dei høgareliggande områda rundt Folgefonna, og eg vil anta at det har bygd seg opp ein del større skavlar som fort kan knekke under den ekstra lasten som no vert påført ifm snøvêret som er meldt.
Tests
• LBT • Ikkje nok snø til å utføre representativt test, men eg registrerte at det har flaka seg litt mot nordaust i dag, men per no er det truleg ingenting som kan gi større skred enn str. 1-2 lokalt, der det er nok snø til å kunne ferdes fornuftig. Lokalt i ytre del er det ikkje reelt på denne høgda, men truleg meir potent i høgda. Vil anta at det vil kunne gå str. 2 eller 3 skred der vinden har fått jobba nok - meir aktuelt i indre del, frå sirka 800 moh og opp. Vind frå sør i natt med litt høgare temp. og nedbør vil nok flytte problemet høgare opp i høgda ein kortare periode. Vinden skal dreie ilp i morgon føremiddag og ein vil då få pålagring mot SØ - lågare temp flyttar skredproblemet ned til sirka 800 moh.
Snow Profile
• Ikkje spesielt gode forhold for å grave snøprofil på dagens tur. Lokalt på 900 moh så består snødekket (i leformasjonar) av ein fuktig smeltepakke nedst (1F), med eit islag (K) over. Over islaget ligg det nysnø/fokksnø (1F/4F) avhengig av sektor. Tilsvarande høgde i indre del har tørrere lagdeling, samt meir snø representert i dei ulike laga. Høgare i terrenget så var det på førre obstur tilsvarande lagdeling, men med betraktelig meir snø: i leformasjonar mot SØ var det 2 meter med snø. Eg vil anta at dette har holde seg relativt stabilt, men der skredfaren er størst vil det legge seg nedføyka nysnø over den gamle fokksnøen frå førre syklus.
Avalanche Problems
• Wet slab avalanche • Water pooling in/above snow layers • Within half a meter • Spontaneous release • 2 - Medium • Some steep slopes N, NE, E, SE, S, SW, W, NW below 1000 masl • Skredproblemet er ikkje aktuelt i heile regionen, om vêrprognosane slår til. I større deler av regionen må ein høgare opp for å finne nok snø, men då er tilgjengjeld temp så låg at det ikkje er eit aktuelt problem. Høgdegrensa for skredproblemet er sjølvsagt avhengig av at temperaturprognosane slår til. Mest truleg vil grensa gå lågare nede. Det er meldt mykje nedbør og kjem den som regn over ein tilstrekkeleg periode så kan ein få det aktuelle skredproblemet om fuktigheta vert drenert ned til skarelaget. Mest aktuelt i natt, men problemet vil vere aktuelt til det får stabilisert seg.
• Dry slab avalanche • Buried weak layer of new snow • Within half a meter • Spontaneous release • 3 - Large • Some steep slopes N, NE, E, SE, S, NW above 800 masl • Skredproblemet er ikkje like aktuelt i heile regionen. I større deler av regionen må ein høgare opp for å finne nok snø, og enkelte himmelretningar har knapt nok snø i det heile til at det vil verte eit problem. Skredproblemet er særs aktuelt i dei områda kor ferdsel på ski fell seg naturlig mtp mengde snø - og altså i- og i nærleiken av skredterreng der skred kan løyse ut/nå ut. I enkelte kjente skredløp langs Sørfjorden så kan skreda verte større enn str. 3.
Avalanche Danger Assessment
• Det er meldt mykje nedbør i kombinasjon med vind dei neste 24 timane. Det vil auke skredfaren dei neste dagane og store naturlige utløyste skred kan forekomme. Dreiande vind vil aktualisere skredproblemet i fleire himmelretningar. Kjente skredløp rundt Sørfjorden kan få skred som går like til fjorden. • Vêrprognosane for dei neste dagane tilseier relativt like forhold. Dei neste 24 timane skal det kome mykje nedbør i kombinasjon med vind. Litt roligare vêr på fredag, men det er relativt kaldt, så stabiliseringa vil gå sakte. På laurdag skal det auke på med vind og nedbør igjen, og frå morgonen og utover dagen er det meldt ein mildere værtype. Om nedbørsprognosane for tidsrommet kl. 07-13-19 slår til kan ein få utfordrande forhold med våte flakskred frå sirka 1000-1100 moh og ned. • 3 Considerable • Forecast correct • FG3 for dei neste dagane er rimelig mtp vêret som er meldt. Vi får følgje litt med på kor mykje nedbør som kjem mtp evt. justering. Faregraden er mest reel for dei områda som har nok snø til at ferdsel på ski er naturleg.