Danger Sign
• Recent snowdrift • Område: Generelt på fjellet. Skildring: Null sikt til høgareliggande skredterreng, men vil anta at det er snøfokk i høgda. Frå nordvest.
Snow Cover
• Moderate snow drift • 10 cm • Elevation of new snow 500 masl. Layered snow begins at 800 masl • Wet loose snow • Moist • På denne høgda har Gyda stort sett tatt knekken på det meste. Ei og anna snøfonn som ligg att. Snøen som har falle i natt ligg stort sett på barmark, delvis frosen. Myrene fuktige, bakkeløp opne/litt is.
Regionen har variasjon. Mest snø nær Folgefonna og i indre del i traktene rundt Røldal/Håradalen og truleg oppover mot Haukeli. Mildværet som kom med Gyda vaska fjellheimen godt. Det vart liggande att ein snøpakke frå 800-900 moh og opp, men denne høgda er ikkje representativ for heile regionen. Enkelte plasser var det nok avsmelta opp til 1300 moh.
Det har kome litt nysnø siste 24 timane: sirka 10+ cm. Tiltakande vind frå vest-nordvest fører til pålagring i motsatte sektorar. Moderat til kraftig snøfokk i fjellet, avhengig av kor du er i regionen.
Weather
• Snow • 0 °C • 7 m/s from NW ↘ • 100% clouds • 10 cm fuktig nysnø på bakken. Har falle litt nedbør i natt og så langt i dag. Vind mellom 7 og 12 m/s gjennom natta.
Avalanche Problems
• Loose dry avalanche • Buried weak layer of new snow • Within half a meter • Very easy to trigger • 2 - Medium • Few steep slopes NE, E, SE, S above 900 masl • I verste tilfelle kan det nok gå str. 3, men mest truleg str. 2. Eg landar på "Få" heng då store deler av regionen er ganske snøfattig. Dette er kvalifiserte spekulasjoner.
Avalanche Danger Assessment
• Der det er forhold for ferdsel på ski så må ein vere obs på ferske nysnøflak. Disse kan vere særs lette å påvirke. • Tenker ein relativt lik situasjon dei neste dagane. Gradvis stabiliserende fram mot ny runde med nedbør og vind midt i neste veke. • 2 Moderate • Magefølelsen seier FG 2 for områda der det er snø av betydning, mest pga "Få" heng. Worst case så kan det gå str. 3 skred, men eg vil tru at det mest sannsynleg kan gå str. 2. Det er lite snø att etter Gyda sine herjingar og store deler av regionen har i realiteten FG 1 (enkelte plasser FG 0 om det kunne vore meldt), men der det er forhold for ferdsel på alpine turski, så må ein vere obs. Viktig å poengtere i tekstvarsel at det er variasjon i regionen. Føler ein innmeldt FG 3 utan å spesifisere at det er stor variasjon vert misvisende då det er mykje terreng over tregrensa som ikkje har tilstrekkeleg snø til at det kan gå skred.