Weather
• Rain • 3 °C • 5 m/s from SW ↗ • 100% clouds • Det regnar nok opp til 1000-1200 moh i skrivande stund. Stigende temp klokka 12 fører nok til regn opp i 1300-1400+ moh. Sørvestlig vindretning i dag tidleg, kl. 08. Dreiende utover dagen.
Registrerer på værstasjonen til Røldal skisenter at det har vore oppe i +3,6 grader i dag. Den ligg på om lag 1000 moh. Mildt! Bles frå nord-nordvest. Vinden har dreia ifht i dag tidleg.
Snow Cover
• Wet loose snow • Registrerte i går at det var kome ca 10 cm nysnø i indre del av regionen. Det kom også litt i høgda i ytre del - over ca 800 moh.
I dag, onsdag, så er alt bløtt, truleg like til topps: 1400+ moh.
Som innmeldt tidlegare så er det variasjon i mengde snø i regionen. Generelt er det jo relativt lite snø, men i områda rundt Folgefonna og i fjelltraktene rundt Røldal-Haukeli er det litt meir snø. For ytre del av regionen så er det mindre snø, men det ligg litt i høgda - jo lenger vekk frå fjorden ein kjem, jo meir aukar det (relativt sett).
Avalanche Danger Assessment
• Trass i mindre snø enn vanleg, så må ein forvente at dei ekstreme nedbørsmengdene ifm av regn høgt til fjells vil gi omfattande ustabile forhold. Skredfaren er størst der det har lagt seg opp større mengder snø i høgda - og der det er etablerte skredbanar. Her kan skreda gå like til fjorden. Våte flakskred, våte laussnøskred og sørpeskred er å forvente. • Det er mindre snø enn vanlig, og dei store nedbørsmengdene i dag, onsdag, bør kunne gi aktivitet i kjente skredløp og i områder som har akkumulert nok snø. Det er mogleg det vil rase litt i frå seg dei neste 12 timane, men det er lurt å oppretthalde skredfaren gjennom morgondagen, litt avhengig av kva som skjer i dag og korleis det utviklar seg i morgon, torsdag. Truleg redusert fare frå fredag av mtp fallende temp og mindre nedbør. Stabiliserende. Det er meldt kraftig vind og noko nedbør, men mildværsgrensa vil framleis gå ganske høgt torsdag og natt til fredag. • Snøskredfaren er nok størst på austsida av Folgefonna, ned mot Sørfjorden, samt i indre deler av regionen, rundt Røldal. Det er jo generelt lite snø, men her vil ein nok potensielt få større skred jfr varsla faregrad. Værer som står på vil gi stor pålagring i utsette høgareliggande område rundt fonna. Avhengig av mildvêrsgrensa komande 24-48 t, så kan ein få skred i dei "vanlege" rennene ned frå fonna mot Sørfjorden. Stigande temp så grensa vil sikkert gå i nærare fjelltopphøgde.
Notes
• Hadde tenkt å gå til 972 moh for å sjå om det kunne gi utsikt til brattare heng mtp å observere aktivitet, men det gav, eigentleg som venta, ikkje meining i dag. Null sikt.